Gaustadbekkdalen er eit strøk i bydel Nordre Aker i Oslo. Gaustadbekkdalen er avgrensa av Ring 3 i nord, Vestgrensa t.o.m. Trimveien i aust, Sognsvannbekken i vest, og Sognsvannsbanen og Rasmus Winderens veg i sør. Dermed grensar strøket til Gaustad i nord, Sogn i aust, Blindern i søraust og Vinderen i sør og vest, der strøket sluttar ved Blindern stasjon.

Ole-Johan Dahls hus, knytt til UiO.

UiO og forsking er særs rådande i Gaustadbekkdalen, området vart allereie i 1952 gjennom eit vedtak i Stortinget bandlagt til forsking og undervising.

Namn og geografi endre

Gaustadbekkdalen er eit dalsøkk som ligg sør for det gamle Gaustadjordet, og naturleg nok ved Gaustadbekken.

Som følgje av bygginga av Ole-Johan Dahls hus går Gaustadbekken no langs bakkeplan. Dei siste femti åra har han gått under bakken i røyr.

Busetnad endre

Området har bygg for forsking og undervising. I dag er rundt ein tredel av Noregs samla forskings- og utviklingsressursar lokalisert i området.

Så langt er det bygt fire bygg, alle ligg sør for Problemveien:

  • Forskingsparken i Oslo – 140 føretak, forskingsgrupper og institutt (til saman 1700 personar) driv FoU-verksemd innan bioteknologi, IKT, media, materialforskning, elektronikk og miljøforsking.
  • Kristen Nygaards hus, fram til 2011 kjent som Informatikkbygningen. Bygget inneheld Institutt for informatikk, USIT, og Norsk Regnesentral og stod klårt i 1988.
  • Ole-Johan Dahls hus, bygt under arbeidstittelen Ifi2. Institutt for informatikk sitt andre bygg. Bygget stod ferdig i slutten av 2010, og vart opna i januar 2011.
  • SINTEF-bygget

Området har òg sin eigen t-banestasjon og trikkehaldeplass som er oppkalla etter Forskingsparken: Forskingsparken stasjon. Heilt i strøkgrensene finn ein òg Blindern t-banestasjon og Gaustadalléen trikkehaldeplass.

Vidare utbygging endre

Det til nye forskings- og undervisingsbygget for livsvitenskap, kjemi og farmasi på UiO skal byggjast her frå 2019 til 2024.[1] Med eit areal på 66.000 kvadratmeter vert det det største universitetsbygget i Noreg.[2] Dei samla kostnadene for bygget ved byggjestart var estimerte til 6,8 millardar kroner.[1]

Studentvelferd endre

Heilt i nordaust (i Trimvegen) har studentane hatt velferdstilbod sidan siste halvdel av 90-talet. Her finn ein idrettsbygget Domus Athletica (1996) som gav namn til Trimvegen, og Vestgrensa studentby (1999).

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Livsvitenskapsbygget», www.uio.no (på norsk) (Universitetet i Oslo), henta 6. januar 2020 
  2. Aftenposten.no - Her kommer Norges største universitetsbygg (30.11.2014)

Bakgrunnsstoff endre