Gaute Eiterjord (fødd 15. desember 1995) er ein norsk miljøvernar og forfattar. Frå 2018 til 2020 var han leiar for Natur og Ungdom.[1] Han har og vore fylkesleiar i Rogaland NU.

Gaute Eiterjord

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1995 (28 år)
Stavanger kommune
Yrke miljøvernar

Som miljøvernar har Eiterjord engasjert seg i ei rekke saker, som samferdsel og bybane i Stavanger.[2] I februar 2016 lenka han seg fast til anleggsmaskiner for å stansa prøveboring i det omstridde Engebøprosjektet i Sunnfjord, der særleg sjødeponi i Førdefjorden er omstridd. Eiterjord har òg vore prosjektleiar for «Slepp oss til - ungdom inn i landbruket», som er eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom.[3] I 2019 tok han imot Fritt Ords pris på vegner av Natur og Ungdom, saman med Greta Thunberg, for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta.

I 2022 fekk han prisen Årets nynorskbrukar for å bruke nynorsk i kampen for klimasaker.[4]

I 2020 gav Eiterjord ut boka Klimaopprøret.[5]

Kjelder endre

  1. «Gaute Eiterjord». Utanfor Allfarvei Forlag. Henta 23. februar 2018. 
  2. «Distriktsnyheter Rogaland». NRK. 11. desember 2012. Henta 2. februar 2018. 
  3. «Ny prosjektleiar for Slipp oss til - ungdom inn i landbruket». Gardsbruk.no. 11. februar 2015. Arkivert frå originalen 3. februar 2018. Henta 2. februar 2018. 
  4. «Gaute Eiterjord er Årets nynorskbrukar». Nynorsk kultursentrum. Henta 22. april 2022. 
  5. «Gaute Eiterjord: Klimaopprøret». Nynorskbok.no. Henta 22. april 2022.