Gdov (russisk Гдов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 4500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gdovka, berre to kilometer før utløpet i innsjøen Peipus.

Gdov
Гдов
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gdov
Byvåpenet til Gdov


Plassering
Gdov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Pskov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet1708
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

4 642
Koordinatar 58°45′N 27°49′E / 58.750°N 27.817°E / 58.750; 27.817
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81131

Historie endre

Gdov vart grunnlagd på 1300-talet, som ein utpost for å verne byen Pskov. I 1431–1434 bygde Pskov ei festning der og restane av ho er framleis synleg i dag. Byen vart angripe ved fleire høve av svenskar og polakkar (som under den nordiske tjuefemårskrigen og ingermanlandskrigen), men vart omsider returnert til Russland i 1617.

I 1780 fekk Gdov formelt status som by. I mai 1919 vart Gdov erobra av «dei kvite» under general Rodzianko, saman med Pskov og Jamburg.

Under den tyske tilbaketrekkinga i 1944 øydela Wehrmacht med overlegg mange av kyrkene i Gdov, som var rekna som dei vakraste døma på pskovsk mellomalderarkitektur. Dei historiske monumenta i byen er delvis vorte restaurert i tida etter den andre verdskrigen.

Under den kalde krigen låg ein aktiv flybase, Smuravjevo, nordaust for byen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre