Gehenna (gresk γέεννα, hebraisk Gehinnom גהנום/גהנם, jiddisk Gehinnam) er namnet på ein stad utafor det gamle Jerusalem som i Det gamle testamentet vart kalla Dalen til Hinnomsonen (hebraisk גֵיא בֶן־הִנֹּם eller גיא בן-הינום) og er ein av dei to største dalane kring Gamlebyen.

Gehenna
dal
Hinnomdalen, kring 1900
Land  Dei palestinske territoria
Kart
Gehenna
31°46′09″N 35°13′41″E / 31.76916667°N 35.22805556°E / 31.76916667; 35.22805556
Wikimedia Commons: Valley of Hinom

I Det gamle testamentet var dette staden der fråfalne israelittar og følgjarar av forskjellige Ba'al- og kaananittisk gudar, ofra barn på bålet (2. Krønikebok 28,3). Sidan vart staden forbanna (Jer. 7,31).[1]

I jødisk, kristen, og islamsk skrift er Gehenna ein stad dei vonde fer til.[2] Dette er forskjellig frå det meir nøytrale Sheol/Hades, dødsriket, men Kong James-versjonen av Bibelen nytta omsetjinga helvete om begge.

Kjelder endre

  1. Jewish Encyclopedia: Gehenna (Josh. xv. 8, passim; II Kings xxiii. 10; Jer. ii. 23; vii. 31-32; xix. 6, 13-14).
  2. Catholic Encyclopedia: Hell

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gehenna