Geir Ugland Jacobsen

Geir Harald Ugland Jacobsen (f. 1957 ) er ein norsk siviløkonom og politikar frå Oslo. Han er frå mai 2021 partileiar for Noregsdemokratane.

Geir Ugland Jacobsen

Fødd1957 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (ukjend; 2020), Demokratane (2021)
Yrkesiviløkonom, politikar, forretningsdrivande

Jakobsen har bakgrunn frå næringslivet. Han har tidlegare vore politikar for Framstegspartiet (Frp) og var vald i ei kampvotering som fylkesleiar i Oslo Frp frå februar 2020. Desember 2020 vart han kasta som fylkesleiar og ekskludert som partimedlem av sentralstyret i Frp, medan fylkeslaget vart sett under administrasjon.[1] Medan han var fylkesleiar markerte han seg som forkjempar for at Frp skulle gå i meir nasjonalkonservativ retning og kom med utsegner som sette posisjonane til Siv Jensen som partileiar og førstekandidat i Oslo i tvil.[2]

Den 18. januar 2021 vart han ny fylkesleiar for Demokratane i Oslo. Jakobsen har uttalt at det truleg blir eit namnebytte på partiet, som del av ein omstart.[3] Nokre av kjernesakene til partiet vil ifølgje han vere motstand mot overnasjonal styring, vern om ytringsfridommen og reduksjon i offentleg pengebruk.[4]

Kjelder endre

  1. «Oslo Frp settes under administrasjon». Aftenposten. 15. desember 2020. Henta 6. september 2021. 
  2. «Ekskludert Frp-topp slår tilbake: Her er dokumentet han mener beviser at Siv Jensen lyver om bråket i Fremskrittspartiet». TV2. 9. januar 2021. Henta 6. september 2021. 
  3. «Ugland Jacobsen slår seg sammen med Vidar Kleppe i Demokratene». TV2. 29. desember 2020. Henta 6. september 2021. 
  4. «Geir Ugland Jacobsen: Dette er Demokratenes kjernesaker». Resett. 31. januar 2021. Henta 6. september 2021. 
  Denne biografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.