Geirr Tveitt

norsk komponist

Geirr Tveitt (19. oktober 19081. februar 1981), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist. Han skreiv klaverkonsertar, ballettar, operaer, viser og songar, og verk for kor og orkester. Velkjente[1] verk er mellom anna «Hundrad folketonar frå Hardanger» og visa «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta».

Geirr Tveitt

Fødd19. oktober 1908
FødestadBergen
Død1. februar 1981 (72 år)
DødsstadOslo
FødenamnNils Tveit
OpphavNoreg
Sjangeropera, symfoni
Instrumentpiano
Verka somkomponist, klassisk pianist, dirigent, akademisk musiker
Gift medIngebjørg Gresvik

I 1973 vann Tveitt Årets verk for «7 sanger til tekster av Ragnvald Skrede».

I Store Norske Leksikon skreiv Sverre Edvardsen at komponisten var eigenarta, og i musikken hans møtest det norske og det kontinentale i ein fruktbar syntese, og "Særlig karakteristisk er hans bruk av modale tonearter (kirketonearter), åpne klanger og taktvekslinger".[1]

Liv endre

Dei første åra endre

 
Tveitt hadde tette band til Norheimsund, der familiegarden låg. Garden Tveit ligg i Vikøy innanfor odden ein ser til høgre i biletet.

Geirr Tveitt vart fødd på Nordnes i Bergen der familien budde til han var fire år. Han vaks opp òg i Drammen; Faren Lars Tveit var styrar på Danvik kristelege ungdomsskule i noverande Drammen i ni år, før han vart lærar i heimbygda Kvam i Hardanger. Familien dreiv framleis garden Tveit om sommaren, også medan dei budde i Drammen.

I Hardanger kom Tveitt tidleg i kontakt med vokal folkemusikk og hardingfele. Gymnastida hadde han på Voss der han leidde sitt eige orkester, Vesle-Frikk, og der han freista seg med sine første symfoniar og operaer. Han fekk undervisning både i fiolin og klaver, og vart følgd opp av Christian Sinding.

Han vart døypt Nils Tveit, men skifta i ungdomen førenamn, først til Nidvu og deretter til Geirr, og la på ein ekstra «t» i etternamnet.

Studiar i Tyskland endre

 
Christian Sinding var ein viktig rådgjevar for Geirr Tveitt

Etter råd frå Christian Sinding drog Tveitt i 1928 til Leipzig i Tyskland for å studere, slik Edvard Grieg og andre nordmenn hadde gjort før han. Han fekk undervisning i komposisjon av Hermann GrabnerLeipzig-konservatoriet. Han forlét Leipzig etter fire år. I dei komande åra studerte han periodevis i Paris der han fekk undervisning i komposisjon og orkestrering av Arthur Honegger og den brasilianske komponisten Heitor Villa-Lobos. I Wien fekk han undervisning av Egon Wellesz før han flytta tilbake til Noreg.

Debut endre

Komponistdebuten fann stad i april 1931 med Klaverkonsert i f-moll. Den inneheld tre satsar og varer om lag 20 minutt. Alfred Szendrei dirigerte Leipzig symfoniorkester og amerikanaren Herman Berlinski var solist. Året etter spelte Ingebjørg Gresvik, den framtidige kona hans, verket i Oslo. Harald Sæverud skreiv i Bergens Tidende at «Konserten er et forsøk på å fylle de store former med uforfalsket norsk musikk, med folkevisestemning og slåtter som bærende grunnlag... Som helhet var verket meget velskapt, morsomt og takknemlig.»

Til å vere ein klaverkonsert er verket oppbygt utradisjonelt med ein roleg første sats, ein tranquillo, deretter følgjer ein spenstig giocoso som andre sats. Finalen har òg eit roleg preg, ein lento.

Gjennombrot endre

Tveitt stilte for første gong sjølv som konsertpianist i Noreg den 2. mars 1934 i Handelens og Sjøfartens Hus med nye klaverstykke inspirert av norsk folkemusikk, deriblant kadensar til tre klaverkonsertar, der òg felespelaren Halldor Meland medverka. Nokre dagar seinare presenterte Harald Heide og Harmoniens orkester i Bergen Konsert for strykekvartett og orkester, som skapte begeistring blant kritikarane.

Tveitt arbeidde òg med musikkteori og fekk ros av dirigenten Felix Weingartner og andre musikkekspertar, som den franske komponisten Florent Schmitt, for ei avhandling som han ville ta doktorgraden på: «Tonalitätstheorie des. parallellen Leittonssystems» (Gyldendal, 1937). Men han kom på kant med juryen som han meinte ikkje hadde nok fagkunnskap, og han trekte difor avhandlinga attende.

I dei seks åra var han busett i Oslo og til han forlét byen, følgde ein straum av komposisjonar med balletten Baldurs Draumar som høgdepunktet. Operaen Dragaredokko skriv seg også frå denne perioden. Den vart framført av Harmonien og av Filharmonisk Selskaps Orkester vinteren 1940-1941.

 
Baldurs Draumar handlar om den norrøne guden Balder. Eit dramatisk høgdepunkt er der Balder vert drepen av Hod og Loke.

Norrøn kulturarv og eget verk Baldurs Draumar endre

Balletten Baldurs Draumar, vart urframført i klaverversjon i 1935. Stykket var eit koreografisk drama i to versjonar for klaver og for symfonisk besetning, med eller utan songsolistar. Oppføring med dans lukkast det ikkje å få i stand. Tveitt framførte sjølv pianoversjonen i Leipzig og Berlin i 1935. Verket vart framførte to gonger i Oslo i 1938. Komponisten dirigerte sjølv, og orkesteret hadde ved det høve så mykje som 100 musikarar.

Baldurs Draumar vart vurdert som den viktigaste musikalske hendinga i Oslo det året. Verket er storfeldt lagt opp og hentar emnet sitt frå norrøn mytologi, det vil seie frå den eldre og yngre Edda. Delar av verket vart seinare oppført i København og Paris.

Tveitt skaffa seg tidleg god kjennskap til den norrøne kulturarven og lærte seg til å tale norrønt. Trass i den kristelege ættebakgrunhnen såg han på seg sjølv som ein slags heidning og innførte si eiga tidrekning etter oppdaginga av Vinland av Leiv Eiriksson .

Politiske haldningar og kulturpolitisk virke endre

Han hjelpte jødiske musikarar og slost for mellom anna jødisk og russisk musikk.[2]

 
Tveitt var engasjert i NS si frivillige arbeidsteneste før krigen.

Geirr Tveitts interesse for det norrøne gjekk attende til barndomen, og hadde bakgrunn i det folkehøgskulemiljøet han voks opp i. Likevel har denne interessa, saman med interessa for Ragnarok-miljøet, ført til at han vart mistenkt for å ha nazisympatiar, også etter at han braut med dei.

Hausten 1940 lét Tveitt seg velje til formann i Departementets mellombelse konsultative råd i kunstnarlege spørsmål. Det var eit ubetalt verv. Sjølv om dei andre i rådet seinare trekte seg, heldt han fram som musikkonsulent i staten fram til 1942]. Grunnen var at Norsk Musikerforbund bad han å bli som ei motvekt mot okkupasjonsmakta som ville innføre det dei kalla nyordningar:

«Så seint som sommaren 1941 hadde formannen [i Norsk Musikerforbund], Gustav Hammerstrøm, innstendig oppmoda Tveitt om å stå på post for så langt som råd var å berga musikklivet mot øydeleggjande nyordningar.»[3]

Verksemda som konsultativt råd fekk langvarige negative følgjer for komponisten, sjølv om han motarbeidde Nasjonal Samling og aldri var medlem der. I protest mot okkupasjonsstyret og den nazistiske musikkpolitikken sa han frå seg vervet som musikkkonsulent i 1942. Høgsterettsdomar Erik Solem skriv i eit brev til Utanriksdepartementet av 06.02.1947: «det er vel få som så tydelig og inngående har sagt 'kulturdepartementet' sin mening som Tveitt har gjort i fryktesløse vendinger.»[4]

Han fekk kunstnarlønn frå 1941. Forslaget om kunstnarlønn til Geirr Tveitt, som var underskrive av eit ti-tals framståande kulturpersonlegdomar, vart handsama av regjeringa Nygaardsvold i 1938. Det var nett då uheldigvis ingen gasje ledig. Det vart lova at han skulle ha den neste kunstnarløna som vart ledig, og då Iver Holter døydde, «arva» Geirr Tveitt denne. Dette skjedde to veker etter at okkupasjonen var eit faktum. Embetsverket iverksette då ei avgjerd som altså allereie låg der frå tida før okkupasjonen. Under den sterke polariseringa etter okkupasjonen vart ikkje denne bakgrunnen akseptert, og Geirr Tveitt vart fråteke kunstnarlønna. Han fekk att kunstnarlønna først i 1958.

Geirr Tveitt flytta frå Oslo til Norheimsund i 1942. I Hardanger stødde Tveitt motstandsarbeidet. Tveitt hyste mellom anna motstandsfolk i heimen sin.[5] Likevel vart han ekskludert frå TONO og Norsk Komponistforening i eitt år etter krigen. Tveitt oppfatta dette som eit justismord. Han ønskte sjølv at tilhøvet hans skulle granskast av den uavhengige rådgjevande nemnda for opprydding i kunstnarorganisasjonar. Nemnda, som var nedsett av Justisdepartementet, frifann Tveitt for klagar om unasjonal haldning, men gav noko kritikk for at han hadde motteke kunstnarlønn og arbeidsstipend.

Frå 1947 var han igjen på repertoara til dei store institusjonane i utlandet.

Av granskingsnemnda sitt dokument endre

Skrivet frå den uavhengige rådgjevande nemnda for opprydding i kunstnarorganisasjonar er datert 6. mai 1946 og er underskrive av Erik Solem, Leif S. Rode og Fr. H Winsnes. Etter å ha lista opp i alt fire punkt som gjaldt Geirr Tveitts gjeremål under den tyske okkupasjonen, blir det konkludert på følgjande måte:

«Nemnden finner ikke at Geirr Tveitt ved sitt forhold i noen av disse punkter har forrådt Norges sak.»

Nemnda uttalar vidare at Geirr Tveitt dreiv direkte antinazistisk arbeid og skriv «at det neppe er tvilsomt at Tveit har vært til hjelp for den nasjonale front i sitt arbeid i det konsultative råd, og at en må godskrive ham, i alle fall delvis, at en rekke nazistiske tiltak strandet. Videre er den samd i at Tveitt i det hele synes å ha benyttet alle midler som var til rådighet for å holde sin linje, og har ført en kraftig og uredd penn med risiko for sin egen sikkerhet. Til slutt har han uten omsvøp sagt klart fra om grunnene for sin fratreden.» (Dvs. at Tveitt, på ein måte som ikkje var til å misforstå, har sagt klårt frå om kvifor han gjekk ut av det konsultative råd).

Karrieren etter krigen endre

Attende i Hardanger kvarv Tveitt frå rampelyset. Han la no ned eit stort arbeid i å teikne ned vokalmelodiar frå folketradisjonen, i hovudsak frå Hardangerregionen. Han samla i løpet av livet sitt rundt 1000 slike. Dette materialet vart grunnlaget for det populære instrumentalverket «Hundrad hardingtonar frå Hardanger».

NRK endre

På 1960- og 1970-talet arbeidde Tveitt i NRK radio som programsekretær, og det er frå denne perioden at mange av dei mest kjende songane skriv seg, til poesi av lyrikarar som han presenterte i programma, mellom anna Arnulf Øverland, Aslaug Vaa og Herman Wildenvey. I NRK har han òg, på karakteristisk vis, sunge inn nokre av folketonane han samla inn.

Turné i Europa endre

I åra 1947-54 turnerte Geirr Tveitt ei rekkje stader i Sør-Europa, mellom anna var han fleire gonger i Paris. Han var omtykt, og mange av konsertane var store suksessar. Som pianist framførte han verk av Edvard Grieg, Frédéric Chopin og Franz Liszt, attåt eigne komposisjonar.

Han skreiv kompliserte orkesterpartitur mest utan kladd eller skisser. Hans andre konsert for hardingfele og orkester, «Tri fjordar», vart skriven rett ned. Solisten som skulle urframføre konserten sa seinare at notane var så fint skrivne at han trudde det måtte liggje eit omfattande skissearbeid bak. Tveitt var òg svært impulsiv. Han kunne brått finne på å endre eit verk under ei framføring dersom han fekk eit godt innfall. Illustrerande for hans improvisatoriske evne er ein situasjon frå 1947 då han skulle spele eit Grieg-stykke direkte på BBC radio i London. Medan han sat og venta på klårsignalet, fekk han brått jarnteppe og hugsa ingenting. Han improviserte då eit «nytt» Grieg-stykke på direkten.

Han er òg kjent for folketonar frå Hardanger. Desse finst i ein klaverversjon med 50 nummer, og som fire orkestersuitar med til saman 60 nummer. Han fekk òg stor åtgaum for klaversonaten sin nr. 29, Sonata eterar, og den fjerde klaverkonserten, Aurora Borealis (Nordljos) som er eit av dei mest modernistiske verka hans. Her blir nordlyset skildra i tre satsar: Nordljoset vaknar yvir haustfargane - Det glitrar pao vinterhimlen - og siglar burt i vårnatti

Ulykker endre

Ei rekke ulykker følgde Tveitt. Det partituret til Baldurs draumar som vart brukt i Paris, vart borte i eit flyåtak over London under krigen. Huset hans Bjødnabrakane (230 meter over havet) i Norheimsund vart knust av snøras i 1960. Ti år seinare brann bustadhuset på Tveit (heimgarden i Norheimsund) ned. I denne katastrofen vart så godt som alle originale nedteikningar av folketonar borte. I tillegg brann om lag 80 % av den samla musikalske produksjonen hans opp. Ein del av den musikken som gjekk tapt, er seinare blitt rekonstruert på grunnlag av arkivmateriale, radioopptak og liknande. Rundt 90 verk er difor framleis tilgjengelege.

Tapet av musikken gjekk sterkt inn på Tveitt, som heilt miste lysta til å arbeida i dei store formata. Han heldt likevel fram arbeidet sitt i NRK og laga ei rekkje kulturprogram med eigen musikk.

Inspirasjonskjelder endre

Musikken Tveitt komponerte er for ein stor del inspirert av norsk natur og folkemusikk, særleg frå Hardanger. Nokre arbeid er direkte basert på overleverte folketonar. Men like ofte er temaet hans eige, men kan ha ein folkemusikalsk svip. Han tok òg sterke inntrykk av europeisk kunstmusikk og særleg av impresjonismen der Ravel har vore eit førebilete. Aram Khatsjaturjan ser òg ut til å ha gjeve han kompositoriske idear. Tveitt er ofte inspirert av tekst, og særleg dei tidlege komposisjonane har referansar til norrøn dikting. Desse er så godt som fråverande i verka etter krigen. Han var skrivefør og utforma gjerne tekstgrunnlaget for komposisjonane sjølv. Ein stor del av musikken har modale toneartar, gjerne kalla kyrkjetoneartar, som dorisk, frygisk og lydisk. Det musikalske livsverket hans var prega av sterke motsetnader. Han var uttalt kritisk mot modernismen, men likevel oppfatta som radikal i samtida. Av enkelte komponistar som var prega av eit nazistisk kunstsyn vart han vurdert som «entartet».[6]

Tveitt skildra sjølv bakgrunnen for musikken sin eit stykke på veg i det musikkteoretiske verket Tonalitätstheorie des parallellen Leittonsystems i 1937.

Dei siste årå og død endre

Han budde i Norheimsund i Kvam herad i Hardanger, dei siste 40 åra av livet sitt, der han òg hadde røter.

I 1980 vart Geirr Tveitt i tillegg påskjøna med Lindemanprisen

1. februar 1981 døydde han i Oslo, 73 år gammal. Han er gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Kvam i Hardanger.

Familie endre

Tveitt gifte seg første gong i 1936 med pianisten Ingebjørg Marie Gresvik (1908-2000). Ekteskapet, som var barnlaust, vart oppløyst i 1941. Han gifta seg andre gong i 1944 med Karen Margrethe («Tullemor») Berg-Olsen (1918-1997). I det andre ekteskapet fekk han borna Gyri og Haoko. Etter Tveitts daud la enkja og dei to borna mykje arbeid i å samle og få fram igjen tapte verk. I dei seinare åra er til dømes Baldurs Draumar rekonstruert på grunnlag av lydopptak.

Musikalsk ettermæle endre

Interessa for produksjon til Geirr Tveitt har vore stigande etter hans død, òg internasjonalt, og dei fleste av dei attverande orkesterverka og konsertane hans er no innspelt på platemerka BIS og NAXOS, mange av verka hans er òg utgjevne av det norske selskapet Simax. Pianistar som har Tveitt på repertoaret er mellom anna Håvard Gimse, Leif Ove Andsnes, og Einar Røttingen.

Musikkprofessor Hallgjerd Aksnes ved Universitetet i Oslo uttalte til Aftenposten at «Som musikar er han etter mi meining absolutt ein av dei viktigaste i norsk musikkhistorie i det 20. hundreåret».

Verk i utval endre

Om lag 90 verk er igjen frå den store produksjonen til Geirr Tveitt. Dei viktigaste er:

  • Pianokonsert nr. 1, op. 5 (1927)
  • Prillar i G lydisk op. 8 (1931)
  • Pianokonsert nr. 3
  • Pianokonsert nr. 4, Nordljos, op. 130
  • Variasjonar yvir ei folkevisa frao Hardanger fyre 2 klaver og orkester (1937)
  • Baldurs draumar, ballett (1938)
  • Solgud-symfoni: Tre orkesterstykke frå Baldurs draumar, op. 81
  • Femti folkatonar frao Hardanger nr. 1 - 50 samla, nedskriven og teskjipa aot piano ..., op. 150 (1950)
  • Suitene 1, 2, 4, 5 fra Hundrad Folkatonar frao Hardanger, op. 151 (mange av desse er arrangement frå op. 150)
  • Pianokonsert nr. 5, op. 156 (1954)
  • Harpekonsert op. 170
  • Nykken, Symfonisk dikt, op. 187
  • Jeppe på berget, Opera, op. 250 (1965)
  • Hardingfelekonsert nr 1 op.163 (1955)
  • Hardingfelekonsert nr 2, Tri fjordar, op. 252
  • Telemarkin, kantate, (1974)
  • Toner til viser som «Vi skal ikkje sova burt somarnatta», «Fløytelåt» og «God natt»

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 https://snl.no/Geirr_Tveitt Vitja 2018-05-12
  2. Hans Jørgen Hurum: Musikken under okkupasjonen, Oslo 1946, og Storaas, Reidar 2008 s. 174-88, kapittelet «Oppgjer på livet laus».
  3. Storaas, Reidar 2008, s. 175. Storaas legg fram tidlegare upublisert materiale i denne boka.
  4. Klassekampen 26.01.08.
  5. Arnfinn Haga: Det regner i fjellet (1974) ISBN 82-514-0111-9.
  6. Hans Jørgen Hurum: Musikken under okkupasjonen

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Geirr Tveitt
  • Norges musikkhistorie – hovuddredaktør: Arvid O. Vollsnes – Bind 4 : «1914-50 : inn i mediealderen», s. 116–128. Oslo, 2000, Aschehoug. ISBN 82-03-22382-6
  • Bilete