Gelibolu, òg kjend som Gallipoli (frå gresk Καλλίπολις, Kallipolis, «vakker by»),[1] er ein by og eit distrikt i provinsen Çanakkale i Marmararegionen i Aust-Thrakia, den europeiske delen av Tyrkia. Byen ligg heilt sør på Gallipolihalvøya ved sundet Dardanellane, 3 km frå Lapseki på andre sida av sundet.[2] Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2010).

Gelibolu
by
Gelibolu er ein hamneby ved Dardanellane.
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Çanakkale
Høgd moh.
Koordinatar 40°24′N 26°40′E / 40.400°N 26.667°E / 40.400; 26.667
Areal 825 km²
Folketal 22 832  (2010)
Folketettleik 28 / km²
Borgarmeister M.Mustafa Özacar
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 17500
Retningsnummer 286
Bilnummer 17
Kart
Gelibolu
40°24′50″N 26°40′13″E / 40.413888888889°N 26.670277777778°E / 40.413888888889; 26.670277777778
Wikimedia Commons: Gelibolu
Nettstad: www.gelibolu.bel.tr

Den makedonske byen Kallipolis vart grunnlagd på 400-talet fvt.[2] Byen har ei rik historie som marinebase for forskjellige herskarar. Keisar Justinian I bygde festningsverk i Gallipoli og nokre austromerske ruinar er framleis synleg her. Etter at forsvarsverka i byen vart øydelagde av eit jordskjelv vart han erobar av tyrkarane i 1354 og vart ein del av Det osmanske riket i Europa.

I 1854 vart Gallipoli okkupert av franske og britiske styrkar under Krimkrigen. Mange soldatar døydde der av kolera og ligg gravlagd på ein lokal gravplass. Bulgararane truga byen under den første balkankrigen. Under den første verdskrigen vart byen åstad for mange slag under Gallipolifelttoget. Byen vart okkupert av grekarar i 1920-1922, men gjeven attende til Tyrkia då den tyrkiske sjølvstendekrigen var over.

Kjelder endre

  1. Καλλίπολις, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus project
  2. 2,0 2,1 Gallipoli i Tyrkia in the 1911 Encyclopædia Britannica