Gen

grunnleggande, nukleinsyrebasert arveanlegg

Eit gen er ein sekvens av basepar i eit DNA-molekyl som kan danna grunnlaget for eit RNA-molekyl ved transkripsjon. Dei fleste gena kan ved det sentrale dogmet vidare koda for eitt eller fleire protein, som direkte eller indirekte kan påverka ulike eigenskapar ved ein bestemt organisme. Gen vert arva frå foreldre til avkom, sidan det utgjer ein del av arvestoffet DNA. Genetikk er læra om gen.

Gen blir lagra i kromosom i eukaryote seller.

I daglegtalen viser gen ofte til ein særskild arveleg eigenskap, som augefarge, kroppsbygnad eller anlegg for å utvikla arvelege sjukdommar.

Det nøyaktige talet på gen mennesket har er ukjend, men estimat ligg på kring 20 000 gen som kodar for protein, og ein stad over 15 000 gen som ikkje kodar for protein.[1]

Gen hjå eukaryotar endre

Me ser her på transkripsjon av mRNA. Tilsvarande prosessar gjeld for rRNA, tRNA og andre typar RNA.

Hjå ein eukaryot organisme er eit gen samansett av ei rekkje intronsekvensar og eksonsekvensar. I tillegg startar eit gen med ein promotor og det endar med ein terminator. Transkripsjonen av eit gen startar ved at RNA-polymerase bind seg til promotoren og byrjar å produsera umoden mRNA. Produksjonen av umoden RNA føregår samtidig med at RNA-polymerasen vandrer langs templattråden på DNAet og avsluttast ikkje før RNA-polymerasen har nådd terminatoren. Ferdig umoden RNA er då komplementær til heile templattråden; både intronar og eksonar. Ved RNA-prosessering kan alle intronane og eit utval eksonar fjernast, og me får moden mRNA. Moden mRNA kan ta ulik form, avhengig av kva eksonar som er fjerna, og kvar ulik form koder for eit bestemt protein.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Willyard, Cassandra (2018). «New human gene tally reignites debate». Nature 558 (7710): 354. doi:10.1038/d41586-018-05462-w. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.