Generalguvernør er ei nemning for den fremste tenestemannen i eit territorium.

Nemninga blei tidlegare brukt i britiske koloniar. Ho er framleis nytt om den øvste representanten til krona i samvelderika, landea som deler statsoverhovud med Storbritannia. I desse landene utøver generalguvernøren fullmaktene og pliktene til monarken som statsoverhovud.[1]

Tittelen har historisk også vore nytta i Sverige, der den første generalguvernøren over Finland blei utpeika i 1594. Det blei også utnemnd generalguvernørar i andre svenske besittelsar - Estland, Livland og Pommern. Tidvis kunne ein også nytta tittelen i det eigentlege Sverige. I Finland blei tittelen vidareført etter at landet blei avstått til Russland. I 1814 var Hans Henrik von Essen tiltenkt rollen som generalguvernør i Noreg, men blei i staden formelt kalla statthaldar.[2]

Nemninga «generalguvernør» er også blitt nytta for den øvste administrative eller militære leiaren for belgiske, danske, franske, nederlandske, portugisiske og spanske koloniar.

Etter at USA overtok Filippinane frå Spania i 1898 blei landet i åra 1905-1935 styrt av ein generalguvernør. Den øvste leiaren for JapanTaiwan frå 1895 til 1945 og i Korea frå 1910 til 1945 var også generalguvernør. Etter at Tyskland okkuperte delar av Polen i 1939 ble Generalguvernementet etablert, med ein generalguvernør i spissen.

Kjelder endre

  1. G. R. Berridge og Alan James: A dictionary of diplomacy, 2. utgåve, Basingstoke: Palgrave Macmillan, 2003, s. 116–117.
  2. Roald Berg: Den svenske generalguvernörtiden i Norge, 1814-1829, Oslo: Institutt for forsvarsstudier, 1999, s. 6, 8.