Generalsekretær er tittelen på den «overordna sekretæren», det vil seie den daglege leiaren, i ein stor organisasjon eller institusjon, for eksempel ein interesseorganisasjon eller eit vitskapsakademi. Generalsekretæren er som regel tilsett, til forskjell frå organisasjon sin styreleiar som ofte blir vald på eit landsmøte eller ei generalforsamling. Ein generalsekretær arbeider også på heiltid, noko ein styreleiar ikkje alltid gjer. Ein generalsekretær kan i slike tilfelle dermed ha meir reell makt enn styreleiaren, på grunn av høvet til å bruke meir tid, og tettare kontakt med organisasjonen.

Generalsekretær blir også brukt om den øvste leiaren i administrasjonen av internasjonale organisasjonar som for eksempel FN, NATO, OPEC, Interpol og Europarådet. Ordet tilsvarar då det engelske secretary general.

Generalsekretæren i politiske parti kan også ha tittelen partisekretær eller berre sekretær.

Sjå også endre