Genesis Live
Konsertalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 20. juli 1973
Innspelt 24. februar 1973 i Free Trade Hall i Manchester («Return of the Giant Hogweed») og 25. februar 1973 i De Montfort Hall i Leicester
Sjanger
Lengd 46:44
Selskap Charisma
Produsent John Burns og Genesis
Genesis-kronologi 
Foxtrot
(1972)
Genesis Live Selling England by the Pound
(1973)


Genesis Live er det første konsertalbumet til den engelske rockegruppa Genesis, utgjeve i juli 1973 på Charisma Records. Det vart opphavleg spelt inn for ei radiosending på det amerikanske rockeprogrammet King Biscuit Flower Hour, og albumet bestod av innspelingar frå konsertane deira ved Free Trade Hall i Manchester og De Montfort Hall i Leicester i februar 1973 under turneen deira for det fjerde studioalbumet deira, Foxtrot (1972).

Genesis Live vart det første albumet deira som gjekk inn på topp 10 i Storbritannia då det nådde niandeplassen. Etter den amerikanske utgåva kom ut i 1974 nådde albumet 105. plassen der.

Historie endre

Genesis vart overtydd av selskapet deira, Charisma Records, om å gje ut Genesis Live som eit lågprisalbum for å fylle ut tida medan bandet spelt inn Selling England by the Pound i midten av 1973. Kontrakten til Charisma med den nordamerikanske distributøren Buddah Records, kan òg ha vore ein medverkande faktor, sidan Charisma like etter fekk ny distribusjonsavtale med Atlantic Records.

Konsertopptaka til albumet vart gjort i De Montfort Hall i Leicester i England med Pye Mobile Recording Unit, lydteknikar Alan Perkins, den 25. februar 1973, utanom «Return of the Giant Hogweed», som vart spelt inn i Free Trade Hall i Manchester i England dagen før, medan bandet var på turné for albumet Foxtrot.[2] Desse innspelingane vart opphavleg gjort for det amerikanske radioshowet King Biscuit Flower Hour, sjølv om dei aldri vart sendt her.

Ein ommastra versjon av albumet kom ut i 1994 på Virgin i Europa og Atlantic i Nord-Amerika.

Eit konsertopptak av «Supper's Ready» frå Foxtrot-turneen er aldri offisielt gjeve ut, men eit opptak av songen frå turneen året etter vart kom ut på plateboksen Genesis Archive 1967-75 i 1998. Gabriel skal derimot ha spelt inn noko av vokalen på ny, før dette opptaket kom ut.

Nokre få doble LPar som vart sendt til radiostasjonar inkluderte den 23 minuttar lange versjonen av «Supper's Ready» frå konserten i Leicester. Om denne testtrykkinga var meint som det faktiske albumet er ukjend. Uansett vart ikkje «Supper's Ready» inkludert.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
Rolling Stone(positiv)[3]
The Rolling Stone Album Guide     [4]

Rolling Stone gav albumet ei kort, men positiv melding og kommenterte at «dette albumet går ein lang veg i å fange den gripande krafta og mystikken som gjer at Genesis-fans kallar bandet 'det beste konsertbandet nokonsinne'.»[3]

Ei seinare melding av Allmusic var òg positiv. Dei skriv «det er tvilsamt at nokon nokon gong fekk ein rikare lyd ut av Mellotronen på scenen slik Tony Banks gjer på dette albumet, og Steve Hackett, Mike Rutherford og Phil Collins er utruleg samspelte, og held i lag gjennom særs komplekse musikkstykke.» Dei meinte at alle opptaka var langt betre enn originalane på studioalbuma.[1]

Innhald endre

Alle songar av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford, utanom «The Knife» av Banks, Gabriel, Anthony Phillips og Rutherford.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Watcher of the Skies»8:34
2.«Get 'Em Out by Friday»9:14
3.«The Return of the Giant Hogweed»8:14
Side to
Nr.TittelLengd
4.«The Musical Box»10:56
5.«The Knife»9:47
Bonusspor på 2007-utgåva - spelt inn i 1975
Nr.TittelLengd
6.«Back in N.Y.C.» 
7.«Fly on a Windshield» 
8.«Broadway Melody of 1974» 
9.«Anyway» 
10.«The Chamber of 32 Doors» 

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «Live – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 7. mars 2020. 
  2. «Genesis Live». Arkivert frå originalen 4 Desember 2007. Henta 18. februar 2020. 
  3. 3,0 3,1 Fletcher, Gordon (1. august 1974). Rolling Stone review
  4. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8.