Gentile Bellini (142923. februar 1507) var ein venetiansk målar under renessansen. Målaren Jacopo Bellini var far hans, og Giovanni Bellini ein yngre bror. Frå 1474 var han offisiell portrettmålar for dogane av Venezia;[1] han måla også store verk som omfatta ei rekkje personar for skipingane kjend som Scuole Grandi.

Gentile Bellini

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1429
Venezia
Død

23. februar 1507 (77 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, bilethoggar, medaljør
Sjanger portrett
Far Jacopo Bellini
Gentile Bellini på Commons

Liv og gjerning endre

 
Triptykon av Madonna av Jacopo, Gentile og Giovanni Bellini frå ca. 1464-70.

Gentile Bellini var fødd inn i ein framståande venetiansk kunstnarfamilie. Han blei kalla opp etter faren sin målarlærar, Gentile da Fabriano.[2] Gentile fekk sjølv oppæring av faren, og utførte fleire arbeid saman med han eller broren.

Hans tidlege verk var inspirert av stilen til svogeren Andrea Mantegna. Arbeida hans omfattar dekorasjonane i Scuola Grande di San Marco frå 1470-talet, laga saman med broren Giovanni, og Prosesjonen på Markusplassen frå 1496.

I 1478 gav regjeringa i Venezia han i oppdrag å reise til Konstantinopel for å måle sultan Mehmed II, som hadde bede om å få tilsendt ein kunstnar. Portrettet blei seinare attgjeve i måleri og trykk, og kjend over heile Europa. Etter opphavet måla han fleire austlege motiv, og Bellini er rekna som ein av grunnleggjarane av orientalismen i vestleg kunsttradisjon.[3] Eit av verka hans med ein tydeleg orientalsk påverknad Markus preikar i Alexandria, som vart gjort ferdig av broren Giovanni.[4]

Nokre av Bellini sine viktigaste måleri var i Dogepalasset, men desse blei øydelagde i ein brann i 1577.

Bilete endre

Kjelder endre

  1. MSN Encarta : Online Encyclopedia, Dictionary, Atlas, and Homework. Arkivert frå originalen 31. oktober 2009. 
  2. «Italian Culture and History». Boglewood.com. Henta 17. september 2013. 
  3. Hartt 1987, s. 397-9.
  4. Chisholm, Hugh, red. (1911). «Bellini». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 3 (11. utg.). Cambridge University Press. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gentile Bellini