Gentoo

operativsystem

Gentoo er ein linuxdistribusjon mynta på vidarekomne brukarar. Ulikt andre Linux-variantar kompilerer han all kjeldekode under installeringa, slik at brukaren kan skreddarsy operativsystemet og programma til sin eigen datamaskin. Namnet kjem frå Gentoo Penguin som er det engelske namnet på bøylepingvinen.

Gentoo


skapar(ar)Daniel Robbins
Utgjeve31. mars 2002
Nyaste versjon17.1
Plattformx86_64, PA-RISC, MIPS, PowerPC, SPARC, x86, DEC Alpha, IA-64, ARM
OppdateringsmetodePortage
Avleidde systemSabayon, Ututo, Calculate Linux, Funtoo Linux, Pentoo, Fantoo, Exherbo, Mayix XliveCD, BinToo GNU/Linux, Chromium OS, Korora
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://www.gentoo.org/
Portage oppgraderer seg sjølv.

Gentoo er bygd rundt installerings- og oppdateringssystemet Portage. Ein installerer programvare ved å skrive emerge etterfølgt av namnet på programmet som skal installerast. Portage nyttar ikkje programpakker som rpm eller deb, men ebuild-filer som inneheld instruksjonar for kvar Portage skal laste ned kjeldekoda, korleis programmet skal kompilerast, samt filavhengigheiter. Ved å skrive emerge world, oppdateres ein heile systemet unntatt sjølve linuxkjernen. Ettersom Portage er det einaste som er standard i ein Gentoo-installasjon, må brukaren sjølv sette systemet saman med diverse komponentar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre


 
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio
  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.