Geoffrey Charles Hurst (fødd 8. desember 1941 i Ashton-under-Lyne, Lancashire) er ein tidlegare engelsk fotballspelar. Han er ein legende i West Ham og det engelske landslaget, og er også den einaste spelaren i fotballens historie som har scora hat-trick i ein VM-finale.

Geoff Hurst
Fødd 8. desember 1941
Fødestad Ashton-under-Lyne

Dei tre måla kom i finalen i 1966 for England, i deira 4–2-seier over Tyskland (BRD) på det gamle Wembley. Denne bragda var ekstra imponerande, med tanke på at Hurst berre hadde fire månader (åtte kampar) bak seg i si internasjonale karriere, og at han ikkje var rekna som England sitt første val på spissplassen på den tida. Det andre målet han scora i kampen, som kom på overtid, er eit av dei mest omdiskuterte fotballmåla gjennom tidene. Hurst skaut ballen i tverrliggaren, og ballen stussa ned på mållinja, og det vart dømt mål til England. Tidlegare i turneringa, før finalen, hadde Hurst vist sitt talent og medvirka i fleire av England sine mål. Totalt scora han 24 mål på 49 landskampar for England, og på klubblagsnivå spelte han for West Ham United, Stoke City og West Bromwich Albion. For West Ham vart det totalt 180 mål på 411 kampar.

Geoff Hurst var manager for Chelsea FC i åra 1979-81.

Hurst vart utnemnd til Knight Bachelor av dronning Elisabeth II og vart dermed slegen til riddar. Han har med det rett til å føre tiltaleforma «sir» framfor namnet. Hurst er også medlem av Order of the British Empire.