Geoffrey Chaucer (ca. 134325. oktober 1400) var ein engelsk forfattar, filosof, hoffmann og diplomat. Han er best kjend for Canterbury Tales, eit ufullendt verk sett saman av ei rekkje forteljingar frå reisande som kan minna om den samtidige Dekameronen. Han påverka også samtidig politikk, som trudd tenar av kongane Edvard III, Rikard II og Henrik IV.

Geoffrey Chaucer

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1343
London
Død

25. oktober 1400 (57 år)
London

Yrke lingvist, lyrikar, songtekstforfattar, filosof, politikar, omsetjar, astrolog, skribent
Språk mellomengelsk
Sjanger dikt
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far John Chaucer
Mor Agnes Copton
Ektefelle Philippa Roet
Born Thomas Chaucer, Elizabeth Chaucer, Lewis Chaucer
Signatur
Geoffrey Chaucer på Commons

Chaucer er ein viktig skikkelse innan engelsk litteratur, som han er blitt kalla far til. Ved å skriva på mellomengelsk i staden for latin eller fransk, synte han at også engelsk daglegtale kunne brukast til lyrikk. Han var ein tidleg brukar av metrikk og enderim frå Fastlands-Europa, som han tilpassa ei engelsk dikting der bokstavrim og korte linjer tidlegare hadde vore vanlege.

Bilete av Chaucer og dikt tileigna han, av vennen Thomas Hoccleve frå 1412.
Chaucer i ei tidleg utgjeving av Canterbury Tales.

Liv endre

Bakgrunn endre

 
Edvard III omleirar Reims. Chroniques de Jean Froissart frå 1400-talet.

Chaucer kom frå ein kjøpmannsfamilie som hadde fått aukande innpass ved den engelske overklassen. Familien hadde drive med handel av vin og lêr (namnet Chaucer tyder eigentleg 'skomakar', jf. fransk chaussier). Faren John Chaucer hadde eigedom i Ipswich og London, der han også var ein viktig vinhandlar og hadde ei stilling ved hoffet.

Fødselsåret til Geoffrey Chaucer er ukjend, men ein reknar 1342 eller 1343 som sannsynleg. Første gongen han er dokumentert er i 1357, då han heldt til under taket til hertuginna av Ulster, kona til kongssonen Lionel av Antwerpen. Truleg var han blitt plassert slik for å få opplæring og kontaktar slik at han kunne lukkast ved hoffet.

 
Frå The Romaunt of the Rose, omsett frå eit fransk dikt av Chaucer.

Karriere og ekteskap endre

 
Chaucer at the Court of Edward III ( 1847-1851), måleri av Ford Madox Brown.

I 1359 kjempa Geoffrey under hertug Lionel under omleiringa av Reims tidleg i Hundreårskrigen. Han blei teken til fange, men lauskjøpt med hjelp frå kong Edvard III. Han var sendebod under fredsforhandlingane i 1360.

Chaucer gifta seg rundt 1366 med Philippa Roet, dottera av ein riddar, og dermed eit steg opp på den sosiale rangstigen. Begge hadde tent hjå hertuginna av Ulster saman, og Philippa var seinare hoffdame for dronning Philippa av Hainaut. Paret fekk tre eller fire barn, der den beste kjende var sonen Thomas. Paret var også nært knytt til den mektige kongssonen hertug John av Gaunt.

I 1367 fekk Chaucer den viktige stillinga som kammertenar for kongen. Han reiste utanlands som tenar og med diplomatiske og militære oppgåver, og vitja Frankrike og Italia. Her blei han kjend med europeisk mellomalderdikting som Roman de la rose, eit verk han omsette og seinare lånte frå, og etterkvart også Dante, Petrarca og Boccaccio.

Chaucer-familien opplevde framgang i 1370-åra. I mai 1374 fekk ein leigefri bustad i Aldgate i London, og i juni same året blei han tilsynsmann for toll ved London hamnevesen. Denne stillinga hadde han fram til rundt 1386.

Truleg 1385 flytta Chaucer til Greenwich i Kent, der han blei fredsdommar for grevskapet i oktober 1385. Året etter blei han «knight of the shire» og parlamentsmedlem for Kent. Dette tiåret ser likevel ut til å ha vore vanskeleg for Chaucer. Han ser ut til å ha mista kona si, ei gruppe leidd av Thomas av Woodstock tok makt frå støttespelarane hans, kong Rikard og John av Gaunt, og han fekk ei rekkje gjeldskrav mot seg. Ettertida veit ikkje kva samanheng det eventuelt var mellom dei moglege politiske og dei personlege og økonomiske vanskane hans.

 
Skisse av grava til Chaucer frå 1894.

I mai 1389 snudde derimot lukka då kong Rikard II tok tilbake kontroll. I juli det året fekk Chaucer tilsynet med dei kongelege bygningane, som Westminster Palace og Tower of London, for ei god løn, men ikkje utan ulemper: Han blei fleire gonger utsett for ran og vald under utføringa av arbeidet. I 1391 blei han i staden underskogvaktar ved kongsskogen i North Petherton i Somerset. Han fekk pensjon og gåver frå hoffet, både under kong Rikard og seinare av Henrik IV, John av Gaunt sin son.

I desember 1399 leigde Chaucer eit hus i hagen ved Westminster Abbey. I oktober neste året døydde han, og blei gravlagd i kyrkja, ei stor ære for ein mann av folket. Chaucer var den første diktaren gravlagd i delen av kyrkja kjend som «Poets' Corner», 'diktarhjørnet'.

 
«The Knight's Tale» frå Canterbury Tales. Ellesmere-manuskriptet frå 1400-talet.

Verk endre

Det første store verket til Chaucer var The Book of the Duchess, ein elegi til Blanche ac Lancaster etter at ho døydde i 1369. Verket var skrive for, kanskje også bestilt av enkjemannen John av Gaunt. To andre tidlege verk var Anelida and Arcite og The House of Fame.

Chaucer skreiv mange av sine større verk medan han var tilsynsmann for tollen i London, mellom 1374 og 1386. Parlement of Foules, The Legend of Good Women og Troilus and Criseyde kjem frå denne tida. Ein reknar også med at han byrja på det best kjende verket sitt, The Canterbury Tales, tidleg på 1380-talet.

Canterbury Tales skildrar ei gruppe pilegrimar med ulik bakgrunn på veg til domkyrkja i Canterbury. Verket skil seg frå samtidig litteratur ved å ha eit realistisk og variert persongalleri, med særmerkt oppførsel og talemåtar. Chaucer brukte truleg erfaringar med personar han hadde kome i kontakt med i dei ulike rollene i livet sitt til å skapa personar som «vertshushaldaren», «studenten», «abbeden» og «kona frå Bath». Mange av personane fortel historier som passar godt til deira personlegdom og sosiale stilling. Andre ser ikkje ut til å passa like godt, kanskje fordi verket aldri blei fullført.

 
Blad frå Kelmscott Press-utgåva av Troilus and Criseyde frå 1896.

Verka til Chaucer blir ofte delte inn i ein «fransk», «italiensk» og til sist ein «engelsk» periode, der verka hans speglar innverknad frå dei ulike landa. Det er i det minste mogleg å sjå innverknad frå italiensk dikting i Troilus and Criseyde, med bruk av klassiske emne, stoff frå Boccaccio og Boethius og eit innfløkt, høvisk språk. I motsetnad til dette formfullendte verket inneheld Canterbury Tales engelske samtidige personar, munnleg språk og humor, og er blitt det som gav Chaucer ettermælet som ein slags opphavsmann til engelsk litteratur.

I tillegg til diktverk og gjendiktingar skreiv Chaucer også minst eitt vitskapleg verk, Treatise on the Astrolabe. Eit anna verk oppdaga i 1952, Equatorie of the Planetis, har liknande språk, handskrift og idear, og kan koma frå Chaucer.

Kjelder endre

  • «Chaucer, Geoffrey», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Geoffrey Chaucer
 

Originaltekst av Geoffrey Chaucer ved Wikisource.