Ei geologisk eining er ein berg- eller ismasse som ein kjenner opphavet til og der alderen er definert ut frå petrografiske, litologiske eller paleontologiske eigenskapar (facies).

Einingane må vere mogelege å kartlegge og skilje frå kvarandre, men kontakten treng ikkje å vere særleg tydeleg. Til dømes kan ei eining definerast ut frå uttrykk som «når sandsteinskomponenten er 75 % eller meir».

Litostraigrafiske einingar endre

Litostratigrafiske einingar er baserte på bergartskarakter (litologi).

  • Overgruppe - to eller fleire grupper og einslege formasjonar
  • Gruppe - to eller fleire formasjonar
  • Formasjon - hovudeininga i litostratigrafi
  • Ledd - kalla litologisk underinndeling av ein formasjon
  • Lag - eit tydeleg lag i eit medlem eller ein formasjon

Eit døme er Friggformasjonen, som er ei karakteristisk eining av sandstein under Nordsjøen.

Kronostratigrafiske einingar endre

Desse er baserte på at bergartslaga er avsett i eit bestemt tidsintervall og står i eit relativt eller absolutt aldersforhold til kvarandre.

  • Eonotem - alle berglaga som er lagt ned i eit eon.
  • Eratem - alle berglaga som er lagt ned i ein æra
  • System - alle berglaga som er lagt ned i ein periode
  • Serie - alle berglaga som er lagt ned i ein epoke
  • Etasje - alle berglaga som er lagt ned i ein alder.

Eit døme er triassystemet, som omfattar bergartane danna gjennom eit bestemt tidsrom.

Geokronologiske einingar endre

Desse er basert på tidsintervalla bergartslaga er danna i, målt til dømes i år. Den største inndelinga er eon, som vidare vert delt inn i æra, periode, epoke og alder.

Eit døme er trias eller triasperioden, som er eit bestemt tidsrom i jordhistoria.

Biostratigrafiske einingar endre

Desse er basert på fossilinnhaldet. Hovudeininga her vert kalla biosone.

Sekvensstratigrafiske einingar endre

Desse er basert på einingar som genetisk høyrer saman og er avgrensa av eroasjonsflater elelr andre flater som representerer manglende avsettingar.

Sjå òg endre