Georadar eller bakkepenetrerande radar (BPR) er ein geofysisk metode som nyttar radarpulsar til å avbilde undergrunnen. Denne ikkje-destruktive metoden nyttar seg av elektromagnetisk stråling i mikrobølgje-bandet (UHF/VHF-frekvensar) av radiospekteret, og detekterer reflekterte signal frå strukturar i undergrunnen.

Eit georadargram samla inn over ein historisk gravlund i Alabama i USA. Hyperbolske refleksjonar indikerer at det finst reflektorar gravlagd under overflata, kanskje knytt til menneskelege gravferder.

Denne typen radar blir nytta innan arkeologisk geofysikk for å kartlegge arkeologiske strukturar under bakken. Ein kan til dømes avgjere form og plassering av ruinar, søyler og lekamar som ligg i undergrunnen, og ein kan kunne avgjere tjukkleiken av lag under overflata, nytta innan geologiske undersøkingar. Dei siste vikingskipa, i Borre og i Halden, som er funne i Noreg er funne ved hjelp av georadar.

Utanlandske forkortinger er m.a. GPR, RES og RPS.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Georadar. I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013.