Georg I av Hellas

dansk politikar

Georg I (fødd Vilhelm24. desember 184518. mars 1913) var ein dansk prins som blei konge av Hellas i 1863 og myrda i 1913.

Georg I av Hellas

Statsborgarskap Danmark, Hellas
Fødd 24. desember 1845
København
Død

18. mars 1913 (67 år)
Thessaloníki

Yrke monark
Språk dansk, fransk, tysk, engelsk, gresk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Kristian IX av Danmark
Mor Louise
Ektefelle Olga av Hellas
Georg I av Hellas på Commons

Han var fødd prins Vilhelm i København, andre son av Kristian IX av Danmark og Louise av Hessen-Kassel. Syskena hans var mellom anna Frederik VIII av Danmark, dronning Alexandra av Storbritannia, og tsarina Dagmar av Russland.

Prinsen hadde ein karriere i den danske marinen, men blei 17 år gammal vald til konge av grekarane den 30. mars 1863 etter at Otto var avsett. Han tok kongsnamnet Georg og lærte seg raskt gresk.

Medan han vitja syster si Dagmar i Russland trefte han Olga Konstantinova, som var syskenbarn til tsaren. Dei to gifte seg i 1867, og fekk åtte ungar saman. Georg snakka som regel tysk med Olga, men engelsk med ungane, som hadde engelske barnepassarar.

Sjølv om den nye kongen opphavleg hadde møtt skepsis blant grekarane, blei han etter kvart godt likt, og han styrte Hellas med betre resultat enn kong Otto. Georg styrkte gresk herredøme over Thessalía og Ípiros, og slo ned eit opprør på Kreta. Han stod for opninga av dei første olympiske leikane, som blei haldne i Aten i 1896.

Kong Georg I vart 6. oktober 1906 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Balkankrigen førte til tap av store landområde for Hellas. Året etter at krigen tok til, blei kongen drepen av greske Aleksander Schinas i Salonika (no Thessaloníki). Sonen Konstantin blei ny gresk konge.

Barn endre

  • Konstantin I av Hellas (21. juli 1868-11. januar 1923), konge av Hellas
  • Georg av Hellas og Danmark (1. februar 1869-25. november 1957), høgkommissær for Den kretiske staten
  • Alexandra (18. august 1870-12. september 1891), storhertuginne av Russland
  • Nikolaos (9. januar 1872-8. februar 1938)
  • Maria (20. februar 1876-14. desember 1940), storhertuginne av Russland
  • Olga (26. mars 1880-21. oktober 1880), levde berre fem månader
  • Andreas (20. januar 1882-3. desember 1944)
  • Christophoros (29. juli 1888-21. januar 1940)