Georg Muffat (1. juni 165323. februar 1704) var ein barokk-komponist og organist av fransk opphav.

Georg Muffat
Fødd1. juni 1653
FødestadMegève (Savoie)
Død23. februar 1704 (50 år)
DødsstadPassau
OpphavTyskland
PeriodeBarokken
SjangerOrkester, concerto, klavermusikk
Instrumentorgel
Verka somKomponist
BornGottlieb Muffat

Mellom 1663 og 1669 studerte Muffat hos Jean-Baptiste Lully i Paris. Deretter budde han fleire år i Alsace, først som student ved Jesuittkollegiet i Sélestat (Schlettstadt) og frå 1671 som organist i Molsheim der Straßburg Domkapitel låg i eksil. Frå 1674 studerte han jus i Ingolstadt og slo seg deretter ned i Wien.

Då han ikkje kunne finne fast arbeid reiste han til Praha i 1677, og så til Salzburg der han fekk stilling som domorganist og kammertenar hos erkebiskop Max Gandolf, Graf von Kuenburg. Han fekk her høvet til eit lengre studieopphald i Italia hos Bernardo Pasquini som stod i tradisjonen etter Girolamo Frescobaldi. Muffat beundra musikken til Arcangelo Corelli og i Roma fekk han høvet til å treffe han. Inspirert av møtet komponerte han fire Concerti grossi og fire sonatar og fekk dei oppført i huset til Corelli.

Etter at tenesteherren døydde flytta Muffat i 1690 til Passau for å arbeide som kapellmeister for biskop Johann Philipp von Lamberg. Her vart han til han døydde. Dei ni sønene til Muffat vart musikarar, den mest kjende av dei er Gottlieb Muffat.

Som Johann Jakob Froberger før han og Georg Friedrich Händel etter, var Muffat ein musikalsk kosmopolitt som spelte ei viktig rolle i utvekslinga av impuls i den europeiske musikktradisjonen.

Muffat skreiv musikk både i fransk og italiensk stil. Dei færraste musikarane på den tida var fortrulege med begge, så han hadde for vane å føre inn merknader om oppføringspraksis på notearka. Desse er framleis nyttige ved innøving av musikken.

Media endre

Toccata prima (midifil)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre