George Boole (2. november 18158. desember 1864) var ein engelsk matematikar og filosof. Han er kjent som skaparen av boolsk algebra, grunnlaget for datamaskinbasert aritmetikk.

George Boole

Fødd2. november 1815
Lincoln i England
Død8. desember 1864
Ballintemple
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematisk logikk
Yrkematematikar, filosof, logikar, informatikar
EktefelleMary Everest Boole
BarnEthel Lilian Voynich, Alicia Boole Stott, Mary Boole Hinton, Margaret Boole Taylor, Lucy Everest Boole
MedlemRoyal Society

Bakgrunn endre

George Boole vart fødd i Lincoln i Lincolnshire i England som son av John Boole Sr. (1779–1848), ein skomakar,[1] og Mary Ann Joyce.[2]

Boole fekk aldri noka formell akademisk utdanning. Han fekk noko opplæring frå faren og kan ha lært latin av den lokale bokhandlaren William Brooke, eller ved skulen til Thomas Bainbridge. Han lærte seg sjølv moderne språk.[3]

I 16-årsalderen byrja han som lærarassistent ved ein skule i Doncaster.[4] I 1835, då han var 20 år gammal, starta han ein eigen skule i Lincoln og byrja å studere matematikk på eiga hand. Han las blant anna verk av Laplace og Lagrange. Den første matematiske publikasjonen hans var ein artikkel i tidsskriftet Cambridge Mathematical Journal med tittelen «Theory of Analytical Transformations».

Han kom dermed i kontakt med Duncan Gregory, som då var redaktør for dette nyoppstarta tidsskriftet. Dette skulle få stor tyding for Boole. Gregory freista å få han til å byrje akademiske studium ved Cambridge, men Boole var avhengig av lærarinntekta, og hadde ikkje høve til å byrje å studere. Han byrja likevel å publisere artiklar i Cambridge Mathematical Journal, og Gregory fekk han til å interessere seg for algebra.

1849 tiltredde han ei stilling som den første professoren i matematikk ved Queen's College i Cork (no University College Cork, UCC). Her møtte han den framtidige kona si, Mary Everest, ein sjølvlært matematikar, då ho vitja onkelen sin John Ryall som var professor i gresk same stad. Ein annan onkel var geografen George Everest (som Mount Everest er kalla opp etter). Paret gifta seg i 1855.[5]

Han vart verande ved Queen's College resten av livet, men heldt på banda til heimstaden. Totalt skreiv Boole kring 20 artiklar i Cambridge Mathematical Journal og omtrent like mange i andre matematiske og filosofiske tidsskrift. I 1859 publiserte han Treatise on Differential Equations og året deretter Treatise on the Calculus of Finite Differences.

I 1854 publiserte han An investigation into the Laws of Thought, on Which are founded the Mathematical Theories of Logic and Probabilities. I denne artikkelen handsama Boole logikk på ein ny måte, ved å redusere logikken til enkel algebra. Logiske setningar kunne no skildrast med symbolsk notasjon og manipulerast ifølgje reglar som på ein måte likna på normal matematikk. Dette var starten på det vi i dag kallar boolsk algebra.

Sjølv om Boole førte eit forholdsvis enkelt liv og aldri oppnådde nokre akademiske eller yrkesmessige posisjonar som tilsvarte bidraga hans til matematikken, fekk han høg grad av heider og fleire utmerkingar for arbeidet sitt. For ein artikkel om «A general method in analysis» publisert i 1844 i Philosophical Transactions fekk han ein medalje frå Royal Society.

Han engasjerte seg også i sammfunnsarbeid, og verka til dømes saman med E.R. Larken i ein kampanje for å redusera prostitusjon i Lincoln.[6]

Han døydde av lungebetennelse i 1864, 49 år gammal.

Kjelder endre

  1. «John Boole». Lincoln Boole Foundation. Henta 6 November 2015. 
  2. Chisholm, Hugh, red. (1911). «Boole, George». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press. 
  3. Hill, s. 149; Google Books.
  4. Rhees, Rush. (1954) «George Boole as Student and Teacher. By Some of His Friends and Pupils», Proceedings of the Royal Irish Academy. Section A: Mathematical and Physical Sciences. Vol. 57. Royal Irish Academy
  5. Ronald Calinger, Vita mathematica: historical research and integration with teaching (1996), p. 292; Google Books.
  6. Hill, p. 138 note 4; Google Books.

Bakgrunnsstoff endre