George John Dufek (10. februar 190310. februar 1977)[1]) var ein marineoffiser, flygar og polarutforskar frå USA. Han tenestegjorde i andre verdskrigen og Koreakrigen og var mykje av karrieren sin i Antarktis – først med Richard E. Byrd i 1940-åra og seinare som leiar av amerikanske operasjonar i Antarktis.

George John Dufek

Fødd10. februar 1903
FødestadRockford i Illinois
Død10. februar 1977 (74 år)
DødsstadBethesda i Maryland
TruskapUSA
Tenestetid1921–1959
RangKontreadmiral
EiningUnited States Navy
Konfliktarandre verdskrigen, Koreakrigen
KommandoarUSS «Bogue»
USS «Antietam»
UtmerkingarNavy Distinguished Service Medal
Legion of Merit med to gullstjerner
World War II Victory Medal
Korean Service Medal
Croix de guerre
Æreslegionen
Korean Presidential Citation
Seinare arbeidDirektør, Mariners' Museum, Newport News Virginia

Militær karriere endre

Dufek byrja på U.S. Naval Academy i Annapolis i Maryland i 1921. Etter uteksaminering i 1925 starta han karrieren sin om bord på slagskipet USS «Maryland». I 1932–33 gjennomførte han flygartrening ved Naval Air Station Pensacola i Florida og tenestegjorde så som navigatør og nestkommanderande på tre ulike marinefartøy.

Under andre verdskrigen leia Dufek ein flygetreningsskvadron, tenestegjorde som senior marineflygar i Algerie under invasjonen i Nord-Afrika og deltok under planlegginga av invasjonane på Sicilia og ved Salerno. Etter forfremming til kaptein deltok han i planlegginga av invasjonen i Sør-Frankrike. I september 1944 overtok han kommandoen av eskortehangarskipet USS «Bogue» som senka den siste tyske ubåten som gjekk tapt i andre verdskrigen.

Under Koreakrigen plasserte marinen Dufek som sjef på hangarskipet USS «Antietam», deretter på Kwajalein i Stillehavet og endeleg ved Naval Air Station Whidbey Island i Oak Harbor i Washington.

Antarktisutforsking endre

Med Richard E. Byrd endre

Våren 1939 søkte Dufek, på dette tidspunktet som løytnant, om deltaking på den tredje ekspedisjonen til kontreadmiral Richard E. Byrd til Antarktis, noko han fekk innvilga. Han tenestegjorde som navigatør på USS «Bear», flaggskipet til ekspedisjonen.

Operasjon Highjump endre

Etter eit kort opphald i Japan etter krigen, vart Dufek utpeikt til å leie eit oppdrag for United States Coast Guard med å etablere vêrstasjonar i polarregionane. Medan han var i Antarktis deltok han i Operasjon Highjump, ein marineekspedisjon under leiing av admiral Byrd. Han gjennomførte den første flyginga til Thurston Island og berga seinare seks overlevande frå ei annan flyging over det same området. Han vende tilbake til Washington D.C. for ein kort periode, men i 1947 var han tilbake i Antarktis – denne gongen som leiar av ein ekspedisjon som vart send for å forsyne vêrstasjonane og etablere nye stasjonar nær Sørpolen.

Operasjon Deep Freeze endre

I 1954 vart Dufek med i ei gruppe som skulle planleggje marinen sin Operasjon Deep Freeze, ein vitskapleg forskingsekspedisjon til Antarktis. Då planlegginga var ferdig vart Dufek utpeikt til leiar for Task Force 43 som, med meir enn 80 offiserar og 1000 soldatar, tre isbrytarar og tre lasteskip, var ansvarleg for logistikkstøtte til ekspedisjonen.

Task Force 43 etablerte òg basar på Rossøya og Rossbarrieren (Little America), og 31. oktober 1956[2] vart admiral Dufek og ei besetning på seks[3] dei første amerikanarane som nådde Sørpolen, og dei første som nådde polen luftvegen. Den 28. november 1957 var Dufek tilstades saman med ein delegasjon frå den amerikanske kongressen under eit kommandørbytte ved McMurdo Sound.

Han døydde på sin 74-årsdag i 1977.

Utmerkingar og heidrar endre

Blant dei talrike utmerkingane og prisane han mottok var Legion of Merit med to gulstjerner, World War II Victory Medal, Korean Service Medal og Croix de guerre. Han var riddar av Æreslegionen, og i august 1957 mottok han Navy Distinguished Service Medal. Som heider for dei mange timane hans med kartleggingsflygningar over det antarktiske kontinentet under Den tredje ekspedisjonen til Byrd mottok Dufek United States Antarctic Expedition Medal.

Dufek Coast, Dufek Head, Dufek Massif og Dufekfjellet i Antarktis er kalla opp etter han.

Bibliografi endre

Bøker av George John Dufek:

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «George Dufek» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2013.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. Biography for George J. Dufek ved IMDb
  2. U.S. Centennial of Flight Commission. «Aviation History Facts». «October 31 in 1956: The US Navy R4D-5 Skytrain Que Sera Sera, commanded by Rear Admiral George Dufek, becomes the first airplane to make a landing at the South Pole  (Referanse: Aviation Year by Year, Bill Gunston, red. London: Amber Books Limited, 2001. Dorling Kindersley editions: ISBN 0-7513-3367-0, ISBN 0-7894-7986-9.)
  3. Bill Spindler. «Que Sera Sera». www.southpolestation.com. Omfatter fotografier av besetning og fly. 

Bakgrunnsstoff endre