George Gordon Byron

britisk skribent og poet

George Gordon Byron (22. januar 178819. april 1824), kjend som Lord Byron, var ein engelsk forfattar under romantikken. Han var den sjette baron Byron.

George Gordon Byron

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 22. januar 1788
City of Westminster
Død

19. april 1824 (36 år)
Mesolóngi

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, politikar, skodespelforfattar, sjølvbiograf, omsetjar, militær, dagbokskrivar, skribent, librettist, aristokrat
Sjanger forteljande lyrikk, gotisk litteratur
Medlem av Royal Society, Royal Society of Literature
Far John Byron
Mor BB4BIE
Ektefelle Anna Isabel Milbanke, Claire Clairmont
Born Ada Byron Lovelace, Elizabeth Medora Leigh, Allegra Byron
Signatur
George Gordon Byron på Commons
George Gordon Byron, 6th Baron Byron, i albansk drakt, måla av Thomas Phillips i 1813.

Byron var fødd i London. Han var son av John «Mad Jack» Byron og den skotske arvingen Catherine Gordon av Gight. Faren hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap, Augusta. Faren forlét familien etter å ha brukt opp formuen til kona si; han døydde i Frankrike i 1791. Catherine og sonen busette seg i Aberdeen i 1790 der dei levde på det vesle ho endå hadde. Byron voks opp med ei ustabil mor og ei guvernante, May Gray, som mishandla han fysisk og, i følgje hint frå Byron sjølv, seksuelt.

Som tiåring arva George barontittelen og landeigedommen Newstead Abbey i Nottinghamshire i England. Denne eigedommen blei det meste leigd ut til andre medan han var ung. I august 1799 byrja Byron ved skulen til aberdeenaren William Glennie i Dulwich i London. Han gjekk også ved Aberdeen Grammar School. Frå 1801 til 1805 var han elev ved den ekslusive privatskulen Harrow. Han studerte ved Trinity College i Cambridge. Frå 1809 til 1811 drog han på ein Grand Tour, ei danningsreise i Europa. På grunn av Napoleonskrigane blei mesteparten av reisa lagt til middelhavslanda.

I ungdomstida hadde Byron fleire kjenslesterke tilhøve til gutar og jenter. Tilhøvet til den gifte Lady Caroline Lamb blei ein offentleg skandale. Seinare gjorde han kur til søster hennar, Anne Isabella Milbanke, og overtalte henne til å gifta seg med han i 1815. Dei fekk ei dotter, Augusta Ada (Lovelace), men ekteskapet var ikkje lukkeleg. I 1816 forlét Byron England etter ei skandaleomtala skilsmisse, og vendte sidan aldri tilbake.

Han besøkte Ali Pasha og skreiv om han i Childe Harolds pilegrimsferd. Han deltok i den greske sjøvstendekrigen i 1823, og døydde året etter av malaria i Mesolóngi. Han skreiv på sitt hovudverk, den store samfunnssatiren Don Juan i åra 1819-1824, men rakk ikkje å fullføre det.

Viktige verk endre

 
Tittelbladet til Childe Harold's Pilgimage-utgåva frå 1825/26.

Dikt endre

  • Childe Harold's Pilgrimage, 1812-18
  • The Giaour, 1813
  • The Corsair, 1814
  • Hebrew Melodies, 1815
  • Parisina, 1816
  • The Prisoner of Chillon, 1816
  • The Dream, 1816
  • Darkness , 1816
  • Beppo, 1818
  • Mazeppa , 1819
  • Don Juan, 1819-1823

Skodespel endre

  • Manfred, 1817
  • Cain, 1821
  • The Two Foscari, 1821
  • Sardanapalus, 1821

Tidsskrift endre

  • English Bards and Scotch Reviewers, 1809

Byron på norsk endre

  • Childe Harolds pilgrimsferd. Første og annen sang; gjendikta av Geir Uthaug, 1995
  • Don Juan; canto I-XVII gjendiktet av Geir Uthaug, 2 bind, Bokvennen forlag, 2006-09
  • Childe Harolds pilgrimsferd. Geir Uthaugs komplette gjendiktning. Canto I-IV ; Bokvennen forlag, 2012
Byron i antologier og i utvalg
  • Byron kvæde; ved Edvard Alme (parallell engelsk og norsk tekst), 1920
  • Sivfløiten. Dikte av E.B. Browning, Byron, Shelley, Tennyson; ved Karen Hanssen, 1930
  • Eldskrift. Dikt i utvalg av Lord Byron, 1977
  • Fyll mitt beger påny!, engelsk romantikk fra Burns til Byron i norske gjendiktninger fra Henrik Wergeland til idag. Redigert av Geir Uthaug. 1990
  • Engelsk romantikk. Redigert av Geir Uthaug. Lyrikkbokklubben, 2003.
  • Ad Astra. Dikt og gjendiktninger av Geir Uthaug. Jubileumsbok. Bokvennen 2010.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av George Gordon Byron ved Wikisource.

  Commons har multimedium som gjeld: George Gordon Byron
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: George Gordon Byron
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.