Georges Bizet

fransk komponist

Georges Bizet (25. oktober 18383. juni 1875) var ein fransk komponist og pianist under romantikken. Hans best kjende verk for ettertida er operaene Carmen og Perlefiskerne og to suiter til skodespelet L'Arlésienne.

Georges Bizet

Fødd25. oktober 1838
FødestadParis i  Frankrike
Død3. juni 1875
DødsstadBougival i Frankrike
FødenamnAlexandre Cesar Leopold Bizet
OpphavFrankrike
PeriodeRomantikken
Sjangeropera, symfoni, Fransk opera, romantisk musikk
Verka somKomponist, dirigent
MorAimée Léopoldine Joséphine Delsarte
FarAdolphe Armand Bizet
Gift medGeneviève Halévy
BornJacques Bizet
PrisarRidder av Æreslegionen, Prix de Rome

Liv og verk endre

Bizet var fødd i 26 rue de la Tour d'Auvergne i Paris. Han blei registrert som Alexandre-César-Léopold Bizet, men blei døypt som Georges Bizet, namnet han seinare blei kjend under. Han var einebarn i ein musikalsk familie der faren var songlærar og mora pianist, og viste sjølv tidleg musikalsk talent. Berre ni år gammal blei han innskriven ved musikkonservatoriet i Paris. Her blei han anna kjend med Charles Gounod, som blei ein viktig påverknad.

Georges Bizet blei ein dyktig pianist, men gjorde også suksess som komponist. Han skreiv sin første symfoni (symfoni i C-dur) sytten år gamal. I 1857 vann han ein operettekonkurranse halden av Jacques Offenbach med Le docteur Miracle saman med Charles Lecocq. Då han var nitten vann han den gjeve Prix de Rome for kantaten «Clovis et Clotilde».

Prix de Rome medførte eit treårig studieopphald i Roma. Her budde han i Villa Medici, eit «paradis».[1] Som del av opphaldet skulle han skriva eitt verk kvart år. Desse «sendingane frå Roma» var ein italiensk opera buffa, Don Procopio; ein ouverture, La Chasse d'Ossian, og ein komisk opera i éi akt, La Gulza de l'émir. Bortsett frå perioden i Roma, levde Bizet i Frankrike, stort sett Paris, resten av livet.[2]

Tilbake i Frankrike vigde Bizet seg til musikkundervising og komposisjon. I 1863 fekk han ei bestilling på ein opera til ein libretto av Carré Corman. Les Pêcheurs de Perles (Perlefiskerne) blei hans første store opera. Oppsetjinga ved Théâtre Lyrique blei ikkje ein stor suksess, men han fekk positiv omtale av Hector Berlioz. La jolie fille de Perth, skriven etter ein roman av Walter Scott og oppført i 1867, blei derimot svært godt motteken.

3. juni 1869 gifta Bizet seg med Geneviève Halévy, dotter til komposisjonslæraren hans. Dei fekk sonen Jacques (1872-1922). Under Den fransk-prøyssiske krigen var han med i nasjonalgarden i 1870. Etter Pariskommunen i 1871 vende han tilbake til Paris. I denne tida skreiv han også dei populære L'Arlésienne-suitene, opphavleg som scenemusikk til eit skodespel, og Jeux d'enfants ('Barneleiker', 1871), ein suite for to klaver.

 
Plakat for urframføringa av Carmen i 1875.

Skodespelet L'Arlesienne hadde premiere 1. oktober 1872, men fekk berre tjue forestillingar. Ein orkestersuite frå verket hadde premiere i november same året, og fekk stor suksess. I 1873 hadde Bizet mellom anna premiere på operaen Djamileh ved Opéra-Comique, som ofte er sett på som ein forløpar til Carmen frå 1875. Sjølv om premieren blei ein fiasko, lovpriste nokre kritikarar dei eksotiske tonane hans, og han fekk ei ny bestilling frå operaen. Han valde då å dramatisera Carmen av Prosper Mérimée.

Carmen hadde premiere 3. mars 1875. Den lidenskapelege og skandaløse handlinga i operaen støytte det dåverande publikummet, og då Bizet døydde i juni same året hadde han endå ikkje opplevd at meisterverket hans tok verda med storm. Georges Bizet var berre 37 år då han døydde. Dødsårsaka var eit hjarteåtak etter ein høg feber og ei tilbakevendande halsplage.

Den første store triumfen fekk Carmen i Wien i oktober 1875, der Brahms, Wagner og Nietzsche alle blei begeistra. Etterkvart fekk det også ros frå velkjente franske komponistar som Claude Debussy og Camille Saint-Saëns. Tsjajkovskij skreiv i 1876 at «eg er overtydd om at om ti år vil Carmen vera den mest populære operaen i heile verda.»[3]

Kjelder endre

  1. I brev til familien. Curtiss, p. 53. Curtiss, Mina (1959). Bizet and his World. London: Secker & Warburg. OCLC 505162968. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Georges Bizet[daud lenkje], patrimoine-et-urbanisme.com
  3. Til Madame von Meck: «Carmen est un chef-d’œuvre dans toute l’acception du mot, c’est-à-dire une des rares créations qui traduisent les efforts de toute une époque musicale. Je suis persuadé que, dans dix ans, Carmen sera l’opéra le plus populaire du monde entier». Bizet (1838-1875), Carmen (1875), classiquenprovence

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georges Bizet