Georges Schneider

Georges Schneider (11. juli 192510. september 1963) var ein sveitsisk skirennar frå La Chaux-de-Fonds. Han vart verdsmeister i slalåm under VM 1950 i Aspen i Colorado i USA.

Georges Schneider


Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. juli 1925
Les Ponts-de-Martel
Død

10. september 1963 (38 år)
Oberrickenbach

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1960, Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Vinter-OL 1948

Schneider debuterte i store internasjonale meisterskap med ein 13. plass i slalåm under Vinter-OL 1948 i St. Moritz. To år seinare gjekk han heilt til topps i same øvinga under verdsmeisterskapen i Aspen i Colorado. Der vart han òg nummer fem i storslalåm. Same plassering i same øvinga fekk han under vinterleikane 1952 i Oslo, der han i utfor kom i mål som nummer ni. I dei to neste meisterskapane, VM i alpint 1954 i Åre og Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, enda han opp med høvesvis sjetteplass i storslalåm og femteplass i slalåm. I sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, hamna han langt nede på resultatlista etter utfortevlinga.

Seks gongar, 1951, 1952, 1954, 1956, 1957, 1958, vart Schneider sveitsisk meister i slalåm. I 1954 vann han også dei sveitsiske meisterskapane i storslalåm og i den alpine kombinasjonen.

Schneider la opp som aktiv alpinist i 1960, og var deretter trenar for det sveitsiske alpinlandslaget.

Han omkom i 1963 i ei jaktulykke i Oberrickenbach (Wolfenschiessen, Nidwalden).

Kjelder endre

  • (en) Georges Schneider – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.