Georges Sorel, (2. november 184729. august 1922), var ein fransk filosof og teoretikar omkring revolusjonær syndikalisme.

Georges Sorel

Fødd2. november 1847
Cherbourg, Cherbourg-Octeville
Død29. august 1922
Boulogne-Billancourt
NasjonalitetFrankrike
Områdefilosofi
Yrkefilosof, ingeniør, sosiolog, skribent, fagforeiningsleiar
Alma materÉcole polytechnique
Collège-lycée Jacques-Decour

Filosofi endre

Sorel sin filosofi omhandlar teorien om myten som motiverande kraft. Dette gjeld både religiøse mytar om himmel og helvete, og arbeidarane sine mytar om revolusjon og generalstreik. Sorel kalla desse «myten om siger» og fellestrekket for desse mytane var at dei fungerte som samlande for gruppa, og motiverte til handling.

Sorel meinte også at vald var ei samlande kraft, og da spesielt den valden som kjem i etterkant av store streikar, altså revolusjonær vald mellom politi og arbeidarar. Utfallet av valden er ikkje viktig i Sorel sine augo, berre det at revolusjonær vald finn stad.

Sorel argumenterte mot dei sosialistiske partia som gjekk i det parlamentariske systemet, da han meinte at parlamentarismen var borgarskapet sin arena, og at dei sosialistiske og revisjonistiske partia var borgarskapet sine reiskapar for å avvæpne og passivisere arbeidarane. Sorel mislikte også dei store fagforeiningane, han ville at arbeidarane i staden burde organisere seg i mindre fagforeiningar - eller syndikat - med lokal forankring i arbeidsplassen.

I motsetning til marxistane meinte ikkje Sorel at religion nødvendigvis var ein undertrykkjande og passiviserande faktor. Religion kunne brukast som motiverande myte på lik linje med myten om generalstreik og revolusjon.[1]

Georges Sorel sin filosofi har spela ei rolle for utviklinga av fascistisk teori og ideologi, særleg for venstrefløya av dei fascistiske partia.[2]

Kjelder endre

  1. Reflections on violence - Georges Sorel.
  2. Avant-garde fascism - Mark Antliff.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georges Sorel