Georgetown i Guyana

hovudstaden i Guyana

Georgetown er den største byen og hovudstaden i Guyana. Han hadde i 2004 235 000 innbyggjarar og ligg ved utlaupet til elva Demerara ved Atlanterhavet. Byen ligg under havnivået og er verna av dike. Brorparten av handelen i landet går gjennom hamna i byen. Her finst tekstilindustri, sukkerfabrikkar og det vert fiska etter reker. Byen er endepunktet for to jarnbanestrekkjer langs kysten og har eit universitet frå 1963.

Georgetown
Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown
Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown
Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown
Styresmakter
Land Guyana
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2016)

200 500
Koordinatar 6°48′N 58°10′W / 6.800°N 58.167°W / 6.800; -58.167
Høgd over havet 0 m
Tidssone UTC-04:00, UTC-03:00 (UTC)
Plassering
Georgetown i Guyana is located in Guyana

Georgetown vart grunnlagd av britar i 1781. Byen vart seinare okkupert av franskmenn og nederlendarar fram til 1812. I byen er det ei anglikansk domkyrkja i tre frå 1889, og er med ei høgd på 44 meter mellom dei høgste trebygningane i verda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georgetown i Guyana