Gerd eller Gjerd er eit førenamn frå norrønt Gerðr avleidd av garðr i tydinga «gjerde» eller «vern», og frå lengre kvinnenamn med denne endinga (t.d. Valgjerd). På tysk kan Gerd vera ei kortform av Gerhard.

Den vene jotunkvinna Gjerd. Trykk av W.G. Collingwood (1854 - 1932).

Gerd har namnedag i Noreg og Sverige den 23. mars.

Namneformer endre

Kvinnenamnet har ei anna form, Gerda, medan mannsnamnet kan ha formene Gert og Geert. Eit mannsnamn frå same rot (utan i-ljodbrigde) er Gard.

Namnelekkene -gjerd (òg stava -gerd) finst i ei rekke kvinnenman, som Asgjerd, Hallgjerd og Ingjerd.

Bruk endre

Namnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først frå 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca. 1910–1950.

Norrøn mytologi endre

Gjerd er namnet på ei gyger i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med, skildra i Skirnesmål.

Namneberarar endre

 
Minneplate for den tyske gallerieigaren Gerd Rosen.

Kvinner endre

Menn endre

Kjelder endre