Gerda Ring

norsk skodespelar

Gerda Ring (fødd 11. mai 1891 i Kristiansand, død 12. januar 1999 i Oslo)[1][2] var ein norsk skodespelar og instruktør. Ho debuterte i 1911 i København, og var knytt til Nationaltheatret i Oslo frå 1912 til 1961. Gerda Ring var blant grunnleggarane og medlemmene av Det Norske Akademi.

Gerda Ring

Fødd11. mai 1891
FødestadKristiansand kommune
Død12. januar 1999 (107 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar
MorBarbra Ring
EktefelleHalfdan Christensen
BornBab Christensen, Pelle Christensen
PrisarPer Aabels ærespris, Riddar av Nordstjerneordenen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Kongens fortenestmedalje i gull

Ho var gift med skodespelaren og teaterinstruktøren Halfdan Christensen (1873-1950) og mor til Pelle Christensen (1923-1995) og Bab Christensen (1928-2017), gift med Lasse Kolstad (1922-2012). Gerda var dotter av Thorvald Kirsebom (1856-1911) og forfattaren Barbra Ring (1870-1955).[1]

Prisar og utmerkingar endre

I 1956 vart Ring utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho var også riddar av den svenske Nordstjerneorden, innehavar av Kongens fortenestemedalje i gull og den svenske medaljen Litteris et Artibus.

I 1949/50 fekk ho Teaterkritikarprisen for instruksjonen av Jean Paul Sartres Skitne hender på Nationaltheatret.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Trine Næss. «Gerda Ring Christensen». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. november 2016. 
  2. «Gerda Ring Christensen – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 23. juli 2019 
  3. «Mottakere av Teaterkritikerprisen». Kritikerlaget. Henta 11. november 2016.