Gerede er ein by og eit distrikt i provinsen Bolu i Svartehavsregionen i Tyrkia. Han ligg langs hovudvegen mellom Istanbul og Ankara (om lag 150 km frå Ankara). Han har kring 20 000 innbyggjarar (2009), medan distriktet har kring 40 000. Byen ligg 1450 meter over havet.

Gerede
by
Gerede Yaylasi
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Bolu
Koordinatar 40°48′N 32°12′E / 40.800°N 32.200°E / 40.800; 32.200
Folketal 21 956  (2009)
Kart
Gerede
40°48′02″N 32°11′55″E / 40.800555555556°N 32.198611111111°E / 40.800555555556; 32.198611111111
Wikimedia Commons: Gerede

Gerede ligg i eit fjellområde med furukledde fjellsider. Klimaet er kaldt og vått, med ein del snø om vinteren. Vegane kring Gerede er ofte plaga med tåke, regn og glatte vegar.

Gerede vart grunnlagd under Det osmanske riket og vart på 1500-talet vitja av reisaren Evliya Çelebi, som då skildra at byen hadde 1000 hus, 10 moskear og ein militærbase.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre