Gevir er hornliknande utvekstar på hovudet til hjortedyr. Medan horn er hudlegeme som sit fast på skallen heile tida, so er gevir av bein, og fell av naturleg kvart år. Gevir har ofte takkar, til forskjell frå horn, som gjerne har éin spiss. Ofte er det berre hanndyr som har gevir, til dømes hjå elg og hjort. Hjå reinsdyr har begge kjønn gevir.

Sambar-hjort med gevir som kan minna om horn, men som forgreiner seg.
Reinsdyr med gevir.

Eit nytt gevir som veks er dekt av eit bastlag, eit hårete, blodfylt hudlag. Når geviret er ferdig utvakse fjernar dyret laget ved å «feia» geviret, det vil seia å gni det mot trestammar eller buskar.

Ordet «gevir» kjem frå tysk Geweih, som eigentleg tyder 'greiner'.

Kjelder endre