Ghanariket var eit mellomalderrike som dominerte Vest-Afrika frå om lag 600- til 1200-talet. Det dekte det som i dag er søraustre Mauritania og vestre Mali. Riket er rekna som det første av dei store handelsrika i regionen. Lokalt heitte det Wagadoughana var tittelen til herskaren.

Ghanariket på sitt største.

Ghanariket blei grunnlagd av soninkefolk, som dreiv transsaharisk handel med saltproduserande arabarar og berberar i Nord-Afrika og gull- og elfenbeinseljarar i sør. Dei auka si makt ved hjelp av effektiv toll- og skattlegging av handel og handelsruter. Ved å regulera marknaden slik at det ikkje vart overproduksjon av varer, førebygde dei også inflasjon.

Tradisjonen legg byrjinga av riket til 300-talet, men lite er kjend om den tidlege historia til Ghana. Dei første skriftlege kjeldene tek til på 700-talet, og ved slutten av dette hundreåret var riket blitt rikt og mektig. Ghana styrte over mange mindre område som betalte tributt, og tok opp i seg fleire mindre statar ved hjelp av velutvikla krigsteknologi og organisasjon.

På 1000-talet byrja nedgangen til riket. Almoravidane, ein berberkonføderasjon, erklærte heilag krig for å omvenda innbyggjarane i riket til islam. Handelsbyen Audaghost fall i 1054 og hovudstaden Kumbi i 1076. Omveltingane førte til at handelen gjekk ned og underlagde land tok til å bryta ut. I 1203 erobra sosoar hovudstaden og i 1240 blei han øydelagd av Sundiata, grunnleggjaren av det nye Maliriket.

Kjelder endre