Ghi eller ghee (hindi घी ghī), eller klåra smør, er eit indisk feitt mjølkeprodukt laga av bøffelsmør.

Flytande ghi klar til å blandast med krydder.

Smøret er smelta og late putra over lang tid til alle faste stoff legg seg på botnen av gryta. Så blir det silt og sett til å svala. Etter det er blitt kjølt ned blir han putra og silt på nytt. Til sist får ein ei klar gul flytande væske med ei særmerkt lukt. Denne væska er ghi. Ghi kan også lagast av vanleg smør eller plantemargarin.

Ghi er mykje brukt i indisk mat. Han er brukt til å steika roti, samosa, grønsaker, og til å laga karri i nord-indisk mat. I sør-indisk mat blir han gjerne blanda med rettar som ris og karri rett før ein et dei.

Ghi er også brukt i hinduismen for å ofra til elden og til å brenna offer. I dei gamle dagane brukte rike folk ghi for likbrenning, men det har blitt uvanleg no.