Gildeskål gamle kyrkje

Gildeskål gamle kyrkje er ei mellomalderkyrkje i Gildeskål kommune i Nordland. Kyrkja skal vere bygd på 1100-talet, ho er i enkel stil med romanske bogar. Ho vart sterkt brannskadd i 1710 og året etter fekk ho eit tverrskip og fekk utforming og storleik som i dag. Alt interiør med preikestol, andre stolar, dåpsbur og benker er frå 1700-talet. På første del av 1900-talet var gamalkyrkja vanskøytt, men vart restaurert i åra 1936–1937 og i perioden 1953–1962. I dag er kyrkja tatt godt vare på, med utsøkt 1700-talsinteriør.

Gildeskål gamle kyrkje
Gildeskål gamle kirke
Gildeskål gamle kyrkje. Sørfløya er det nye tilbygget frå 1711 mot venstre i biletet.
Foto: Roarjo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø domprosti
Sokn Gildeskål
Fellesråd Gildeskål
Type Langkyrkje
Material Mur
Innvigd 1100-talet
 - Endringar 1700-talet, 1936–1937 og 1953–1962
Sitjeplassar 275
Kart
Gildeskål gamle kyrkje
67°03′33″N 14°02′43″E / 67.0592°N 14.0453°E / 67.0592; 14.0453
Wikimedia Commons: Gildeskål gamle kirke

Ut frå typen av mur i kyrkjeveggene trur ein at kyrkja vart bygd på andre halvdel av 1100-talet og gjerne etter 1170 som var året då erkebiskop Thomas Becket av Canterbury døydde. Men det finst òg ein teori om 1130 som byggjeår. Årstalet 1130 har vore knytt til ei segn om at kong Øystein I Magnusson lét byggje to kyrkjer i nord og at Gildeskål kyrkje kan vere ei av desse. Teorien passer best saman med ein annan ikkje-stadfesta teori om opphav av namnet Gildeskål (Gildiskáli) som ein stad med ei skål eller hov for gilder, altså ein samlingsplass, eit festhus. Plassen kyrkja står på ligg berre få hundre meter frå ei god naturleg hamn.

Nokon trur namnet Gildeskål har eit samisk opphav med tydinga søkk i terrenget.

Klenodie i kyrkja inkluderer eit døypefat frå pomorhandelen og eit originalmanuskript av Elias Blix.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre