Ein giljotin er ei falløks som mellom andre kong Ludvig den 16. og dronning Marie-Antoinette av Frankrike vart halshogne med. Giljotinen vart foreslegen av ein fransk lege, med namnet Joseph Guillotin. Giljotinen vart bruka første gongen i 1792, under den franske revolusjonen. Før den tid, under l'Ancien Regime (det gamle regimet), vart det ofte bruka meir langtrekte avlivingsmetodar.

Skalamodell i 1:6 av ein tysk giljotin frå 1854.

Frankrike endre

Giljotinen var den offisielle avlivingsmetoden i Frankrike inntil dødsstraff vart avskaffa i 1981.[1] Dei tre siste som vart avretta med giljotin i Frankrike var barnemordaren Christian Ranucci (28. juli 1976) i Marseille, Jérôme Carrein (23. juni 1977) i Douai og tortur-mordar Hamida Djandoubi (10. september 1977) i Marseille. Djandoubi var den siste personen som vart avretta med giljotin brukt av nokon styresmakter.[2]

Kjelder endre

  1. Loi n°81-908 du 9 octobre 1981 portant abolition de la peine de mort Arkivert 31. juli 2013 ved Wayback Machine. Legifrance.gouv.fr. Henta 7. mars 2023.
  2. Yann Lagarde. «Hamida Djandoubi, le dernier condamné à mort exécuté de l'histoire de France» (på fransk). Radiofrance.fr. Henta 7. mars 2023. 

Litteratur endre

  • Jean-Yves Le Nahour (2011). Le Dernier guillotiné. Paris: First Éditions. ISBN 9782754022347. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Giljotin