Gin er eit klart brennevin som i hovudsak er laga av potet eller korn, med ein særmerkt smak frå einebær. Andre urter vert òg brukte som smakstilsetting, til dømes anis, røter frå angelica og iris, koriander, kanel og cassia.

Ein drikk sjeldan gin åleine, men drikken blir brukt i fleire drinkar, som gin og tonic og martini.

Historie endre

Ginen si historie byrjar i 1572 i Nederland, der sjeneveren den dag i dag er arvtakaren etter den første ginen. Engelske soldatar førte gin til England, og i løpet av 1700-talet vart gin svært utbreidd i England.

All gin var fram til 1870-talet ganske søt. Slik søt gin vert kalla Old Tom Gin. Etter dette vart det meir og meir populært med den nye og turrare typen London Dry Gin. Det er gin av denne typen ein bruker i Dry Martini. Det finst òg ein tredje type gin, Plymouth Dry Gin.

Kjente ginmerke endre