Giske kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya.

Giske kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Valderhaugstranda
Areal 40,54 km²
 - land 39,88 km²
 - vatn 0,66 km²
Folketal 8 691  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Kenneth Langvatn (H) (2023)
Kommunenr. 1532
Kart
Giske kommune
62°33′45″N 6°06′07″E / 62.5625°N 6.1019444444444°E / 62.5625; 6.1019444444444
Wikimedia Commons: Giske
Nettstad: www.giske.kommune.no

Giske kommune har 4 tettstader:

  • Valderøya på Valderøya med 4 316 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Roald på Vigra med 1 057 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Leitebakk på Godøya med 979 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Giske på Giske med 807 innbyggjarar per 1. januar 2023

Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.

Strand på øya Giske.

Historie endre

Skjonghelleren på Valderøya er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.

Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Giske kommune frå 1910:

1910[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5] 1.1.1961[4][5] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4] 1.1.2012[4]
2754 3006 3145 3713 3915 4543 5171 6042 6203 6395 7029 7541

Kommunikasjon endre

Det er brusamband mellom Vigra og Valderøya på Gjøsund. Frå Valderøya går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøya). Det er bru til Giske frå Valderøya og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøya. Snøggbåtsambandet Hareid-Valderøy-Ålesund blir trafikkert av MS «Tideekspress» og går fleire gongar dagleg frå ferjekaia på Valderhaugstranda.

Ålesund lufthamn ligg på Vigra.

Kjende folk frå Giske kommune endre

Kjelder endre

  1. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Folkemengd i Giske 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Vigra 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giske kommune