Givær er ei øygruppe og eit fiskevær midt i Vestfjorden i Bodø kommune. Hovudnæringa på øygruppa er fiske. Givær har hurtigbåtsamband til Bodø.

Givær
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Postnummer 8097 GIVÆR
Innbyggjarnamn Giværing
Preposisjon Givær
Kart
Givær
67°18′00″N 13°43′00″E / 67.3°N 13.71666667°E / 67.3; 13.71666667

Fordi det framleis bur folk på Givær, som ligg så avsides til, vart øygruppa vitja av NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Då programmet vart laga, var det 14 fastbuande på Givær.

Ekstremvêret Ole endre

Fredag 6. februar 2015 vart alle innbyggjarane på Givær evakuerte til Bodø med hurtigbåt som eit tryggingstiltak mot ekstremvêret Ole, då fleire av husa på øya berre ligg to-tre meter over havet og det var venta opptil 25 meter høge bølgjer. Dette var første gong i historia at fiskeværet vart evakuert.[1] Dei 19 innbyggjarane fekk venda heim att to dagar seinare, etter at stormen hadde lagt seg.[2]

Kjelder endre