Gjedde

ferskvassfisk
Gjedde
Gjedde
Gjedde
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av gjedde
Utbreiinga av gjedde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Esociformes
Familie: Gjeddefamilien Esocidae
Slekt: Esox
Art: Gjedde E. lucius
Vitskapleg namn
Esox lucius

Gjedde (Esox lucius) er ein stor rovfisk som lever i ferskvatn og brakkvatn i kalde og tempererte strok over heile den nordlege halvkula. I Noreg er han vanlegast på Austlandet og i Finnmark, som regel på stadar med tett vegetasjon.

Kjenneteikn endre

 
Gjeddehovud

Gjedda er ein særs avlang fisk med finnane plassert langt bak på kroppen for akselerasjonen si skuld. Fargen varierer frå vatn til vatn, men skal fungera som kamuflasje. Gjedda er underbitt, og har særs kraftige kjevar. Alt dette er gode tilpassingar til livet som snikjeger.

Dei største gjeddene kan bli opptil 35 kg tunge og 1,5 m lange. Dei største eksemplara frå Noreg har «berre» vege 18 kg. Det er stor skilnad på ho og hann, hoa er opp til fem gonger så stor. Hannen har maksvekt på 8 kg (I Noreg 3,5 kg) og maksimallengd på ein meter.

Levesett endre

Gjedda lever åleine i vatn med mykje vegetasjon. Ho er ein effektiv jeger, med bakhaldsangrep som den viktigaste jaktteknikken. Som regel står fisken stille i sivet og ventar på at eit passande byttedyr skal koma nær nok til at han kan hogga til. Føda til gjedda omfattar dei fleste fisk som er mindre enn gjedda sjølv, men på grunn av piggane lærar dei fort å unngå stingsild. Dei et òg frosk, symjande smågnagarar og ungar av symjefugl.

Formeiring endre

Gjedda gyter i tett vegetasjon på grunt vatn tidleg på våren. Talet på egg er avhengig av storleiken på hoa; ei ho på 10 kg legg opp til 300 000. Ofte vert hoa følgd av to hannar under gytinga.

Egga klistrar seg til botnen eller vegetasjonen og klekkast etter 2-3 veker. Dei første to vekene lever larvane av plommesekken sin, før dei får munn og går over til å jakta på dyreplankton og insektlarvar. Yngelen er sjølv bytte for dei fleste større fisk, òg vaksne gjedder.

Kjelder endre

  • Gjedde i Artsdatabanken. Besøkt 11. juni 2022.

Bakgrunnsstoff endre


  Commons har multimedium som gjeld: Gjedde