Gjendealpane er eit fjellmassiv mellom Gjende og Bygdin som utgjer den sørlege delen av Jotunheimen.

Fjellmassivet vert delt opp av to store dalar, Leirungsdalen og Svartdalen. Fjelltoppar her er Store Knutholstind (2341 moh.), Tjørnholstind (2330 moh.), Østre Leirungstind (2288 moh.), Vestre Leirungstind (2250 moh.), Skarvflyløyfttind (2250 moh.) og Høgdebrotet (2226 moh.).

Kjelder endre

«Gjendealpene» i Store norske leksikon, snl.no.