Gjoa Haven (inuktitut ᐅᖅᓱᖅᑑᖅ, Uqsuqtuuq) er ein busetnad på øya Qikiqtaq i Nunavut, nord i Canada. Gjoa Haven er den einaste busetnaden på øya. Ved folketeljinga i 2021 hadde Gjoa Haven 1 349 innbyggjarar.[1]

Gjoa Haven
ᐅᖅᓱᖅᑑᖅ
Land  Canada
Region Kitikmeot
Provins Nunavut
Kart
Gjoa Haven
68°38′00″N 95°52′00″W / 68.633333333333°N 95.866666666667°W / 68.633333333333; -95.866666666667
Wikimedia Commons: Gjoa Haven

Namn endre

Inuktitutnamnet «Uqsuqtuuq» tyder 'mykje feitt', og viser til dei mange havpattedyra ein kan finna i nærleiken.

Namnet «Gjoa Haven» kjem frå norsk «Gjøahavn». Staden er kalla opp etter «Gjøa», skuta til Roald Amundsen. Amundsen og mannskapet hans overvintra på staden då dei prøvde å finne Nordvestpassasjen.[2]

Geografi endre

Gjoa Haven ligg søraust på øya Qikiqtaq (engelsk King William Island) i Kitikmeot-regionen i det kanadiske territoriet Nunavut. Staden har eit areal på 28,47 km², og er den einaste busetnaden på øya.

Historie endre

Området rundt Gjoa Haven har vore folkesett av netsilikinuittar i over tusen år. Dei hadde leirar i området då dei drog på jakt og fiske. Deira fyrste kontakt med europearar skjedde mellom 1829 og 1934 då den skotske utforskaren John Ross og mannskapet hans vart sitjande fast i isen ved Boothiahalvøya. Dei overlevde takka vere netsilikinuittane.[3][2]

I 1903 kom den norske polfararen Roald Amundsen dit. Han kalla staden Gjøahavn, etter skuta si «Gjøa», fordi staden beskytta skuta i løpet av to vintrar. Amundsen og mannskapet på «Gjøa» budde der saman med inuittane, før dei segla vidare og oppdaga Nordvestpassasjen.[3]

Permanent busetnad vart etablert i 1927, då Hudson's Bay Company flytta ein handelspost frå Douglas Bay til den noverande Gjoa Haven. Sjølv etter dette fortsette inuittane den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin i lang tid utover 1900-talet. I 1961 budde det berre 110 personar i området. Folketalet har i ettertid vakse, blant anna grunna fleire arbeidsmoglegheitar, helsefasilitetar og utdanning.[2][3]

Kjelder endre

  1. «Census Profile, 2021 Census of Population Profile table Gjoa Haven, Hamlet (HAM) Nunavut [Census subdivision]». Statistics Canada. 26. april 2022. Henta 10. juni 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Annelies Pool, Gail Kudelik (2012). «Gjoa Haven». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 15. februar 2018. Henta 14. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Gjoa Haven». Nunavut Tourism. Arkivert frå originalen 23. august 2017. Henta 15. juli 2022. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.