Glärnisch, òg kalla Bächistock, er eit 2 915 meter høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Glarus og reiser seg over dalen der elva Linth renn. Glärnisch består av fleire toppar, der den høgste heiter Bächistock. Vrenelisgärtli på 2 904 meter og Ruchen på 2 901 meter er dei andre høge toppane.

Glärnisch
Bächistock
fjell
Glärnisch med breen Glärnischfirn, sett frå vest
Land  Sveits
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 2 914 moh.
Primærfaktor 966 m
Koordinatar 46°59′55″N 8°59′55″E / 46.99861°N 8.99861°E / 46.99861; 8.99861
Kart
Glärnisch
46°59′55″N 8°59′55″E / 46.998611111111°N 8.9986111111111°E / 46.998611111111; 8.9986111111111
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Glärnisch

Fjellpartiet Glärnisch består av to ryggar på begge sider av isbreen Glärnischfirn. Ruchen lengst i vest stig meir enn 2 000 meter over vatnet Klöntalersee.

Berggrunnen i Glärnisch er dominert av kalkstein frå jura og krit.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre