Glabella er den hårlause huda mellom augebryna og over nasa.[1][2] Det kan òg vise til den underliggande knokkelen, som er noko nedtrykt, og som tiltrer ved dei to augebrynsbogane. Det er eit cefalometrisk kjennemerke som ligg rett over naserota. Glabella kjem av det latinske ordet glabellus, som tydar «glatt».

Ytre overflate av pannebeinet. Glabella er synleg nær botn.
Hovudet sett frå sida. Glabella er merka i midten til venstre.

Huda i glabella kan brukast for å måle hudturgor hjå pasientar med mistenkt dehydrering ved å klype huda mellom fingrane og løfte den varsamt vekk frå skallen. Huda hjå dehydrerte pasientar plar å stå ved lag når ein slepp, i staden for å trekke seg tilbake til normal form.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Holck, Per (13. februar 2009). «glabella». Store medisinske leksikon. Henta 28. februar 2015. 
  2. Holck, Per (13. februar 2009). «øyebryn». Store medisinske leksikon. Henta 28. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre