46°39′37″N 8°40′13″E / 46.66028°N 8.67028°E / 46.66028; 8.67028

Glacier Express går somme stader over 2000 moh.
Kart over ruta

Glacier Express er eit ekspresstog som bind saman St. Moritz og Zermatt i dei sveitsiske Alpane. Toget nyttar ulike jernbanar, som alle høyrer til dei to samarbeidande selskapa Matterhorn Gotthard Bahn og RhB (Rhätische Bahn). Det er ikkje eit ekspresstog i den tydinga at det er eit høgfartstog, det er heller fordi det går samanhengande over ein lengre distanse, utan at passasjerane treng byta tog. Faktisk har toget eit rykte på seg for å vere det tregaste ekspresstoget i verda! Sidan stadene er heimane til to velkjende fjell, er det vanleg å seie at toget går mellom Piz Bernina og Matterhorn.

Banen går gjennom eit vanskeleg terreng

Ei reise frå endestasjon til endestasjon med Glacier Express tar om lag 7 timar og 30 minutt, og toget passerer då heile 291 bruer og 91 tunnelar. Det høgaste punktet på ruta er ved Oberalppasset, der banen har ei høgd på heile 2 033 meter over havet. Heile banen er smalspora, og store delar nyttar tannstangstyring for å klatra opp dei bratte stigningane, og for å bremsa på vegen ned att.

I 2008 blei Albulalinja, som er ein del av ruta, teke med på verdsarvlista til UNESCO.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Glacier Express