Glenn Douglas Barnard Cornick (fødd 23. april 1947) er ein engelsk rockemusikar. Han var den første bassisten i det britiske rockebandet Jethro Tull.

Glenn Cornick
Fødd23. april 1947 (77 år)
FødestadBarrow-in-Furness i Cumbria i England
DødsstadHilo
FødenamnGlenn Douglas Barnard Cornick
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–1977, 1996 til i dag
SjangerRock, bluesrock
InstrumentBassgitar, gitar, orgel
Tilknytte artistarJethro Tull
Wild Turkey
Paris
Carthago
PlateselskapChrysalis
Verka somMusikar

Cornick spelte bass i fleire band før han vart med i Jethro Tull, som Jailbreakers, The Vikings, Formula One, The Hoboar, The Executives og John Evan's Smash, og var ein av medlemmane som starta Tull.[1] Han gav seg i bandet i 1970, etter det tredje albumet deira, Benefit.

Etter at han forlet Jethro Tull starta Cornick Wild Turkey i 1971, først med Graham Williams (gitar), Alan «Tweke» Lewis (gitar), John «Pugwash» Weathers (eks-Pete Brown & Piblokto!) (trommer) og Gary Pickford-Hopkins (eks-Eyes of Blue) på vokal, men Weathers og Williams forlet bandet for å bli med i Graham Bond's Magick før Wild Turkey spelte inn noko som helst. Dei vart erstatta av Jon Blackmore (gitar og vokal) og Jeff Jones (eks-Man) (trommer) som var med på innspelinga av albumet Battle Hymn. For å marknadsføre albumet varma dei opp for Black Sabbath i Storbritannia og USA. Tony Iommi i Black Sabbath hadde ein kort periode spelt med Cornick i Jethro Tull. Bandet spelte sidan inn albumet Turkey og Don't Dare to Forget.

Cornick vart så med i det tyske bandet Karthago, før han forlét dei og danna Paris med gitarist Bob Welch (eks-Fleetwood Mac) og Thom Mooney (eks-Nazz) på trommer. Dei spelte inn albumet Paris i 1975, før Mooney vart erstatta av Hunt Sales (eks-Todd Rundgren's Runt), og i 1976 spelte dei inn Big Towne, 2061.[2] Då Paris vart oppløyst i 1977 flytta Cornick til USA der han framleis bur.

I midten av 1990-åra vart Wild Turkey gjenforeint og spelte inn albumet Stealer of Years, og spelte på to Jethro Tull-«konventar». Tidleg i 2000-åra vart det gjeve ut to konsertalbum og i 2006 enno eitt, You and Me in the Jungle.

Diskografi endre

Med Jethro Tull endre

Med Wild Turkey endre

  • Battle Hymn (1971)
  • Turkey (1972)
  • Don't Dare To Forget (1974)
  • Stealer of Years (1996)
  • Final Performance (2000)
  • Live In Edinburgh (2001)
  • You & Me in the Jungle (2006)

Med Karthago endre

  • Rock 'N' Roll Testament (1975) Bellaphon 288-09-036

Med Paris endre

  • Paris (1976) - Zoom Club ZCRCD56
  • Big Towne, 2061 (1976) - Zoom Club ZCRCD62

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre