Glenrothes er ein ny by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 39 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagt omkring 1948 ved at fleire små landsbyar vart slått saman, og er no administrasjonssenter for regionen.

Glenrothes

Øvst: Oversikt, Venstre: Klokketårnet, Oppe i midten: Skulpturen «The Dream», Nede i miten: Riverside Park pond, Høgre: River Leven Bridge, Nedst: Floral display, Riverside Park

Plassering
Glenrothes is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

38 750
Koordinatar 56°12′N 3°10′W / 56.200°N 3.167°W / 56.200; -3.167
Diverse annan informasjon
Postnummer KY6, KY7
Telefon-retningsnummer 0 1592
Commons har multimedium som gjeld: Glenrothes

Opphavleg var dei viktigaste industriane i Glenrothes papirproduksjon og kolgruvedrift. Mange gruvearbeidarar flytta dit frå den vestlege delen av Skottland, spesielt frå Glasgowområdet. I dag har desse industriane vorte erstatta av ei rekkje fabrikkar som produserer elektronisk utstyr.

Blant kjende personar frå byen finn ein trompetisten John Wallace, skodespelaren Dougray Scott og den andre førsteministeren i Skottland, Henry McLeish. Han måtte gå av i 2001 etter ein skandale kjent som Officegate, som involverte ulovleg vidareutleige av ein bygning i sentrum av Glenrothes.

Jernbanestasjonen som betener byen heiter Glenrothes-with-Thornton, og ligg i landsbyen Thornton.

Kjelder endre