Glerá (islandsk uttale gler-ao) er ei elv nord på Island. Ho har utspringet sitt i isbreane i fjella på halvøya Tröllaskagi og tar òg opp vatn frå kjelder på veg nedover Glerádalen. Ho renn gjennom byen Akureyri før ho munnar ut i sjøen ved Eyjafjörður. Elva har danna sandbanken Oddeyri ved munningen. Elva var viktig i samband med industrialiseringa av Akureyri og vart på 1900-talet demma opp for å produsere elektrisitet. Kraftverket er i dag rive ned, men demninga står framleis att.

Glerá renn gjennom Akureyri

Elva skilde tidlegare sjølve Akureyri frå bygda Glerá, som var ein busetnad nord for elva, men tidleg på 1900-talet vart bygda ein del av byen Akureyri. I dag vert delen av Akureyri nord for Glerá kalla Glerárhverfi (gleráområdet) eller Þorpið og meir enn 7000 av dei 16 000 innbyggjarane bur i dag her.

Sjå òg endre

Kjelde endre