Glesbygd er ei svensk nemning for område med spreidd busetnad, i motsetnad til tettstader, som er tettbygde stader. I somme samanhengar meiner ein med omgrepet 'glesbygd' generelt alle område som i hovudsak er tynt folkesette, sjølv om det finst mindre tettstader innanfor desse områda. Glesbygdsverket var tidlegare ein statleg etat som hadde med glesbygdsspørsmål å gjere.

Oppgåvene Glesbygdsverket hadde, blei teke over av Myndigheten för tillväxtpolitiska utvärderingar och analyser og Tillväxtverket. Dei definerer 'glesbygd' som eit område som har «mer än 45 minuters bilresa till en tätort med över 3000 invånare»[1] Berre mindre delar av Småland, Öland og Gotland, vestre Svealand, bitar av Roslagen og Bergslagen og størstedelen av Norrlands innland vert å rekne som glesbygd etter denne definisjonen. I tillegg kjem øyar utan fast tilknyting til land, som til dømes Koster og Ven.

Men i røynda blir glesbygd ofte definert litt romslegare, slik at alt som ikkje er tettstad eller tettfolka landsbygd, blir sett på som glesbygd. Små samfunn og stader som har ein demografisk og økonomisk tilbakegang, blir med dette inkludert i omgrepet.

Dei kommunane som har flest innbyggarar (2005) som kan klassifiserast som glesbygd er[2]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 2. oktober 2011 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 2. oktober 2011