Global oppvarming

Global oppvarming er ein prosess der den gjennomsnittlege temperaturenjorda aukar. Sidan midten av 1900-talet er det dokumentert ei slik oppvarming av hav og luft nær jorda. Frå 1905 til 2005 steig overflatetemperaturen med 0,74 ± 0,18 °C. SN sitt klimapanel slo i 2007 fast at oppvarminga truleg er eit resultat av menneskeskapt drivhuseffekt frå utslepp av klimagassar, gjennom til dømes bruk av fossilt brennstoff og avskoging.[1] Dei har også konkludert med at det hovudsakleg var naturfenomen som variasjonar i solstråling og vulkansk aktivitet som stod bak det meste av oppvarminga frå før den industrielle revolusjonen til 1950, og ei lita nedkjøling like etter.[2][3] Desse grunnleggjande sluttingane er støtta av over 40 vitskaplege akademi og organisasjonar.[4]

Endringa av den globale gjennomsnittstemperaturen sidan 1900.' Den grå stripa er 95 %-konfidensintervallane for dei 50 åra før og inklusive kvart år. Temperaturauken er mest tydeleg på 1930/40-talla og i perioden frå 1980 til i dag: Mange verdiar ligg utanfor konfidensintervallene. Ein ser òg at variabiliteten i klimaet har auka: Konfidensintervallene har blitt vidare.

Klimamodellar samanfatta i siste rapporten til klimapanelet tyder på at temperaturen på verdsbasis truleg vil stiga med 1,1 til 6,4 °C til i løpet av 2000-talet.[1] Auke i temperaturane vil føra til høgare havnivå og endra nedbørsmønster, noko som truleg vil medføra tropisk ørkenspreiing.[5] Det er venta ei minke i brear, permafrost og havis, med Arktis rekna som særleg utsett. Andre sannsynlege effektar er mellom anna auka intensitet av ekstremvêr, utrydding av artar og endringar i jordbruksproduksjonen.

Offentleg og politisk debatt rundt årsaker til og kva ein eventuelt kan gjera med global oppvarming. Ulike taktikkar er lagt fram: Reduksjon av klimagassutslepp for å redusera vidare oppvarming, tilpassing av samfunn til ei verd med store klimaendringar, og ulike tiltak for å motverka oppvarminga. Kyotoprotokollen frå 1997 er ein internasjonal avtale om å redusera utslepp. Ein ny klimakonferanse i desember 2009 prøver å finna fram til vidare tiltak.

Forklaring endre

 
Newzealandsk avisartikkel frå 14. august 1912 som skildrar prinsippa kring global oppvarming

Stadig aukande utslepp av klimagassar som CO2 har gjort at mindre av varmen som vert tilført frå sola til jorda slepp ut av atmosfæren (drivhuseffekten). Av desse klimagassane er vassdamp, som er ein naturleg gass, den viktigaste drivhusgassen og forskarar trur at han står for rundt 90 prosent av absorpsjonen av varmestrålinga, etterfølgd av CO2.[6]

Å forklåre temperaturauken, er noko anna enn å dokumentere den. At CO2 er ein drivhusgass, har ein visst i snart 150 år. Òg at menneskelege CO2-utslepp vil føre til ei oppvarming, har ein hatt kjennskap til heilt sidan 1938. Per i dag har ein godt empirisk belegg både for auken i atmosfærens CO2-konsentrasjon og for samanhengen mellom denne og temperaturstiginga.

Det er med dette ikkje sagt at det ikkje òg finst andre faktorar som kan medverke til den temperaturauken vi er vitne til. Tvert imot inkluderer alle klimamodellar òg naturlege faktorar, for å gje best mogelege prediksjonar.

SN sitt klimapanel og dei fleste klimatologar er likevel einige om at mennesket sitt bidrag til den globale oppvarminga er alvorleg og bør reduserast. Vekta av menneskelege utslepp blir ikkje minst tydeleg av figur 3, der ein ser at den menneskeskapte auken i CO2 har ført til eit nivå som er minst 20 % høgare enn nokon gong på minst 417 000 år, eit minimaloverslag som av nyare forsking har blitt auka til 650 000 år. Året 2008 var det kaldaste året globalt sidan år 2000[7], men dette er ikkje noko teikn på at oppvarminga snur, då dette er naturlege variasjonar [8].

Konsekvensar endre

Den globale oppvarminga er forventa – og delvis allereie dokumentert – til å påverke klimaet på mange ulike måtar verda over. Som det ligg i sjølve omgrepet, vil gjennomsnittstemperaturen på jorda auke. Regionalt og lokalt vil det likevel vere store forskjellar. Oppvarminga blir forventa å vere størst i arktiske område. Andre stader kan klimaendringane som følgjer med den globale oppvarminga derimot òg føre til temperaturnedgangar.

I samanheng med temperaturendringar vil ørkenspreiinga auke, medan arealet med permafrost vil bli sterkt redusert. Arealet som står til rådvelde for jordbruk blir forventa å minke. Sjølv om klimasonene kan seiast å bli skuva mot polane, blir dei òg pressa saman, slik at det vil bli totalt færre område med gunstig klima. Dessutan er ikkje jordsmonnet i område som nylege har blitt varmare, like fruktbart som jordsmonn i område som har hatt temperert klima i lang tid.

Ein annan konsekvens av temperaturauken er at havnivået har byrja å stige og vil stige meir. Dette kjem både av at vatn utvidar seg når det blir varmare, og av at ein aukande del av polisen smeltar av. Havstiginga aleine vil berøre millionar av menneske som lever på øystatar og i låge landområde.

I tillegg fører global oppvarming til meir variabelt og meir ekstremt ver. Eit aukande energiinnhald i atmosfæren vil ein ikkje berre merke på ein generelt høgare temperatur, men òg på sterkare vind og aukande stormfrekvens. Nedbøren vil auke globalt sett, òg dette fordi varmare luft kan ta opp større mengder vatn. Aukande vindstyrke og nedbørsmengd vil i sin tur òg auke talet «natur»katastrofar som ras og flaumar.

Sjå og endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 IPCC (4. mai 2007). «Summary for Policymakers» (PDF). Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Henta 3. juli 2009. 
  2. Hegerl, Gabriele C.; et al. (2007). «Understanding and Attributing Climate Change» (PDF). Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. IPCC. Arkivert frå originalen (PDF) 8. mai 2018. Henta 26. juni 2010. «Recent estimates indicate a relatively small combined effect of natural forcings on the global mean temperature evolution of the second half of the 20th century, with a small net cooling from the combined effects of solar and volcanic forcings.» 
  3. Ammann, Caspar; et al. (2007). «Solar influence on climate during the past millennium: Results from transient simulations with the NCAR Climate Simulation Model» (PDF). Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 104 (10): 3713–3718. PMID 17360418. doi:10.1073/pnas.0605064103. Arkivert frå originalen (PDF) 24. juni 2008. Henta 16. desember 2009. «Simulations with only natural forcing components included yield an early 20th century peak warming of ≈0.2 °C (≈1950 AD), which is reduced to about half by the end of the century because of increased volcanism.» 
  4. Royal Society (2005). «Joint science academies' statement: Global response to climate change». Henta 19 April 2009. 
  5. Lu, Jian; Vecchi, Gabriel A.; Reichler, Thomas (2007). «Expansion of the Hadley cell under global warming» (PDF). Geophysical Research Letters 34: L06805. doi:10.1029/2006GL028443. 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. april 2008, henta 16. februar 2009 
  7. [1]
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. september 2011, henta 16. februar 2009 

Bakgrunnsstoff endre

Bakgrunnsstoff endre

Forsking

Undervising