Globus II er eit radaranlegg som ligg på Forsvarets stasjon i Vardø kommune. Anlegget er etablert som eit samarbeid mellom US Air Force Space Command i USA og Etteretningstjenesten i Noreg. Radaren stod opphavleg på Vandenberg Air Force Base i California. Bygginga av anlegget i Vardø tok til i april 1998 og radaren vart sett i drift på hausten i 2000.

Globus II

Globus II vert brukt til å overvake verdsrommet, overvake norsk interesseområde i utlandet og å samle inn informasjon til bruk i forsking og utvikling.

Historie endre

Mot slutten av 1980-åra byrja USA og Noreg eit samarbeid om å sette opp en radarstasjon i tillegg til den som Luftforsvaret hadde på Vårberget. Dette samarbeidet vart brote og amerikanarane sette opp den aktuelle radaren som vart kalla Have Stare, på flybasen Vandenberg i California. I 1995 vart norske og amerikanske styresmakter einige om å flytte Have Stare til Vardø. Flyttinga skjedde 1999 og radaren var operativ i 2001.

Radaren er utvikla i USA. Ettersom radaren ligg 40 km frå den russiske grensa, der Russland har store militære basar, har det ført til fleire diplomatiske spenningar mellom Noreg og Russland.

Den russiske generalen Leonid Ivasjov sa på Dagsrevyen sumaren 2000 at Russland hadde programmert taktiske atomvåpen til å angripe Vardø-radaren. Den russiske forsvarseksperten Pavel Felgenhauer hevda i eit intervju med NRK at radaren irriterte russiske styresmakter.[1]

Referansar endre

  1. Wormdal, Bård (21. mai 2016). «Vardø-radar irriterer Moskva». nrk.no. 

Kjelder endre

«Globus II» i Store norske leksikon, snl.no.

70°22′02″N 31°07′41″E / 70.36722°N 31.12806°E / 70.36722; 31.12806