Glokalisering er ei nemning som freistar uttrykkja at globaliseringa ikkje er ein einvegsprosess og ikkje verkar so einsrettande som ein stundom kan få inntrykk av. Glokalisering spelar på at dei globale kulturelle, økonomiske og politiske straumdraga frå globaliseringa vert forma lokalt og tilpassa lokale tilhøve. Såleis tek lokale kulturar vare på sitt eige særpreg, samstundes som ein er open for nye ovringar frå utanomverda. Døme på slik glokalisering er norsk hipphopp, t.d. med gruppa Side Brok, der ein amerikansk kultur er vorten tilpassa norsk bygdeliv og norsk språk, og jamvel kan seiast å vere med på å styrkje det lokale.

Denne glokaliseringsforståinga vert stundom halden fram som eit forsvar for globaliseringa slik ho ovrar seg i verda i dag, og kan dermed tolkast som eit motlegg mot antiglobaliseringsrørslene, eventuelt som ei modifisering av nokre synspunkt åt desse rørslene.

Referanse endre

Robertson, Roland. 1995. Glocalization: time-space and homogeneity-heterogeneity. I Featherstone, Mike m.fl. (red.).Global Modernities. London: Sage Publications, 25-44.